Årets avløysar
Årets avløysar i Sogn og Fjordane er Stein Roar Haugen. Han arbeider på fem gardsbruk i Fjærland og fekk prisen av NLT, Norske Landbrukstenester på landsdekkande samling for Sør-Noreg den 14. november.
Prisutdeling. Frå venstre: Arkadiusz Josef Cichy, Stein Roar Haugen og Frank Reidar Larsson
7 avløysarar frå Sør-Noreg vart heidra med diplom, blomar og klokke. NLT spanderte reise, opphald og festmiddag med dans på Gardermoen Quality hotell.
Sjå også NLT si webside.
Sjå oppslag i Sogn Avis
Frå venstre:
Øyvind Nytrøen, Hedmark
Irene Kaupang Tangen, Akershus
Lene Hoksrud, Aust-Agder
Ann-Marlen Hagen, Østfold
Arkadiusz Josef Cichy, Vest-Agder
Stein Roar Haugen, Sogn og Fjordane
Frank Reidar Larsson, Oppland
Stein Roar arbeider på fem gardsbruk i Fjærland. Dei er stolte over avløysaren sin:
Stein Roar Haugen har vore ein stabil og god avløysar for ringen vår i mange år. Ja, faktisk lenger enn ein del av bøndene har drive gard. Han har soleis bygd seg opp mykje kunnskap og erfaring og deler villig av denne når det er noko me lurer på. Det kan gjelda fôring, mjølking, sjukdom, løyping og anna. Skulle det vera noko tek han gjerne turen innom og ser eller tek i eit tak sjølv om han jobbar på ein av dei andre gardane, eller har fri, nett den veka.
Han jobbar sjølvstendig og ordnar opp når det er naudsynt. Han føler ansvar for drifta av gardane våre og me er trygge på at han stiller opp når det røyner på. Eit døme på det kan vera at då eine bonden i ringen brått vart alvorleg sjuk og sendt med helikopter til Haukelnad, var det Stein Roar som sytte for fjøsen og å ordna med sjukeavløysar.
Sjølv er Stein Roar nesten aldri sjuk. D.v.s. det har nok hendt at han har hatt både feber og andre plager, men har teke i alle fall fjøsstellet likevel.
Stein Roar er fleksibel på arbeidstida og fintel ikkje på minuttane. Han gjer ferdig dei arbeidsoppgåvene som er tenkt den dagen sjølv om det tek noko lenger tid enn berekna. Til gjengjeld er me fleksible andre vegen.
Han klagar heller aldri om det brått vert endringar i oppsett plan fordi ting dukkar opp for ein av bøndene slik at me må byte dagar innbyrdes. Det kan medføre at han må ta eit sti i ein annan fjøs midt i ein periode hjå ein bonde. Dette taklar han utan å lage noko oppstyr. Er det slik at to bønder må ha han samstundes tek han innimellom begge fjøsane slik at bøndene slepp velje kven som har det viktigaste ærendet.
Kva arbeidsoppgåver han vert tildelt utanom fjøsstellet, er det og stor variasjon i. Det heiter seg at han skal gjera det bonden elles ville gjort på garden. Det kan vel henda me har strekt den definisjonen litt langt av og til, som den gongen han vart sendt til Gaular for å henta ein hund, eller då han måtte køyre far til eine bonden til legekontroll, men Stein Roar har alltid teke alle oppdrag med like stor ro og utan oppstyr. Han er med på å hente dyr på beite, hogge ved, vaske fjøs og mykje meir.
Me veit at me er heldige som har ein slik avløysar og håpar me beheld han i mange år endå. Han fortenar all ros og er ein verdig vinnar av utmerkinga «årets avløysar».
Med helsing
Anders Skarestad, Halldis Sunde og Anders T. Mundal, Mette og Knut P. Bøyum, Hilde og Ingvar Supphellen og Hanne Haugen og Torgeir Mundal.