Årets avløysar i Sogn og Fjordane 2010 frå Landbrukstenester Sogn

«ÅRETS AVLØYSAR» i Sogn og  Fjordane vart kåra på den årlege samlinga til NLT: NILS LIDAL. «Nils har i løpet av desse åra han har vore avløysar i Fjærland tileigna seg god evne til å stelle dyr, og gjer til sine tider fullt så god jobb som bonden sjølv i fjøsen.»

NILS LIDAL FRÅ FJÆRLAND 

NLT har valnemnder i alle fylke som gjer sine innstillingar. «ÅRETS AVLØYSAR»  frå Sogn og Fjordane vart Nils Lidal frå Fjærland.   Under festmiddagen på Gardermoen, 20.oktober tok styreleiar  i Landbrukstenester Sogn, Jens K. Nes imot blomar og klokke på vegne av avløysaren, som ikkje var til stades på samlinga.

«Her kan du lese omtalen frå ringen i Fjærland 2

Bilete frå overrekkinga: Finn Hoff frå Norske Landbrukstenester deler ut blomar og klokke.

Festmiddag på Gardermoen med god mat og fin stemning. 178 deltakarar frå region Sør-Norge. Her sit me til bords med Sunnfjord Landbrukstenester.

Frå venstre styremedlem Else Marie Bergum og dagleg leiar for Landbrukstenester Sogn Aud Fossøy.

«Hyldningssong til norske avløysarar