Årets avløysar 2018
Steinar Kalhagen er årets avløysar i Sogn og Fjordane og tilsett i Landbrukstenester Sogn. Det er Norske Landbrukstenester som deler ut prisen, i følgje nominasjon, som består av diplom og klokke. Sidan Steinar ikkje hadde høve til å ta imot den gjeve prisen på det nasjonale arrangementet vart det middag, fotografering og meir gåvedryss på Hafslo sist veke.
Steinar har arbeidd som avløysar i 23 år. – Med Steinar på plass kan me trygt ta oss ein tur bort frå garden uten å ha otte for arbeidet som skal gjerast, seier dei heldige bøndene på Hafslo. Me deler ein treffande karakteristikk frå Facebook, der gratulasjonane har vore mange:
Tonje Været Bremer Steinar er verdens mest ansvarsfulle avløser og dyras beste venn ❤️ Alle kan ha en ansatt, men lojaliteten, tålmodigheten og innsatsen til Steinar er i en klasse for seg. Denne prisen er SÅ fortjent ?
Gratulerer Steinar – du er god som gull ??
Gratulerer Steinar – du er god som gull ??
Foto: Sogn Avis og privat.