Arbeidsinstruks

Avløysaren har rettar og plikter. Me ønskjer at de les gjennom arbeidsinstruksen her. Dette er nyttig informasjon for både avløysar og bonde.Bonden har ansvar som oppdragsgjevar.

ARBEIDSINSTRUKS


 


For avløysarar tilsette i Lanbrukstenester Sogn


 


1.     Landbrukstenester Sogn er medlem i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og brukar overeinskomsten mellom LA og Fellesforbundet, (sjå tilsetjingsavtalen).


 


2.     Arbeidstida pr. veke skal vere 35,5 t i gjennomsnitt for ringavløysarar med arbeid inntil tredje kvar helg. For andre 37,5 t pr. veke.


 


3.     Avløysaren skal om ønskjeleg arbeide inntil anna kvar helg.


 


4.     Arbeidsdagane som er oppsette i avløysarplanen skal normalt følgjast. Planen bør tilpassast slik at 2 veker utgjer 10 arbeidsdagar og 4 samanhengande fridagar.


 


5.     Avløysarar må godta at medlemane i ringen byter dagar, men dette må ikkje gå utover avløysaren si fritid/fridagar.


 


6.     Laurdag, helg og høgtidsdagar skal arbeidet berre omfatte pass av dyr og anna naudsynt arbeid. (Andre ordningar kan og vere aktuelle, men då skal det vere skriftleg avtala).


 


7.     Dersom det vert arbeidd delt dag (dvs. fjøsstell) skal det betalast køyregodtgjersle for ein tur fram og attende til arbeidsstaden.


 


Bustad: … … … … … … … … … … … … … … … … …


 


8.     Overtid skal ordnast opp direkte mellom avløysar og brukar. Skal overtid utbetalast som løn skal dette merkast på timelista.


 


9.     Er brukaren bortreist kan avløysaren verta pålagt ansvar for heile bruket. Kvilande vakt skal avtalast på førehand. Avløysar skal ha 1/5 av ordinær løn pr. time viss ikkje anna ordning vert avtalt. Faktisk arbeid utført i vaktperioden skal sjåast på som overtidsarbeid.


 


10. Avløysaren skal følgje kvar medlem sin instruks når det gjeld arbeid på det enkelete bruk. Særleg ved dyrestell er det viktig at variasjonen er minst mogleg.


 


11. Løn vert utbetalt slik: Forskot den 15. kvar mnd til dei faste avløysarane. Innlevering av timelister innan den 30. kvar mnd.


 


12. Ved skogarbeid skal det brukast verneutstyr. I Avløysarringar vert dette kosta av ringen. Ringen held arbeidstøy og støvlar til avløysaren, – kan og utbetalast som klegodtgjersle. Sitat frå overeinskomsten for avløysarar, §5.1: ”For å unngå farleg smittestoff (ringorm, nysesyke, smittsom diare m.v.) holder gården nødvendig arbeidstøy slik at avløysar har rene klede og fottøy. Arbeidsgiver/gården sørger for renhold av gårdens utleverte arbeidstøy, med mindre andre forsvarlige ordninger kan avtales.”


 


13. Hus og mat skal avløysar halde sjølv. Er andre ordningar aktuelle skal dette gjerast opp direkte med den det gjeld.


 


14. Usemje/misnøye mellom ein bonde og avløysar skal ordnast opp straks. I ringen skal det meldast til leiaren i ringen. Ved deltid/familie direkte til Landbrukstenester, – dagleg leiar.


 


15. Arbeidsulukker der avløysaren vert skada skal alltid meldast til Landbrukstenester straks.


 


16. Vert avløysaren sjuk eller ikkje kjem på arbeid til rett tid, forsøv seg, – skal brukaren ha melding straks. Let ikkje dette seg gjere skal Landbrukstenester kontaktast snarast. Mogelege sjukmelding eller eigenerklæring skal sendast til Landbrukstenester.


 


17. Avløysaren har teieplikt om arbeid/forhold på det enkelte bruk.


 


18. Avløysaren skal til kvar tid rette seg etter denne instruks. Instruksen kan verta endre.


 


19. Skulle det oppstå forhold som ikkje er dekka av denne instruksen, så vert arbeidsmiljølova, eller andre offentlege retningslinjer gjort gjeldande.   


 



BONDEN SITT ANSVAR


 


1.     Kvar bonde pliktar å gje avløysaren naudsynte opplysningar om arbeidet på garden. Dette er heilt avgjerande for å få utført eit godt arbeid.


 


2.     Avløysarringen pliktar å halde avløysaren med arbeidsklede og fottøy til bruk ved stell av dyr. Deltidstilsette som arbeider meir enn 170 timar pr. år opparbeider godtgjersle for bruk av eigne arbeidsklede. Ved skogsarbeid, – bruk motorsag, – skal verneutstyr alltid brukast.


 


3.     Avløysaren skal ikkje setjast til arbeid som er farleg for liv og helse, eller er i strid med gjeldande forskrifter.


 


4.     Avløysaren skal ha tilgang til toalett og vaskerom på kvart bruk. Det same gjeld oppvarma rom i matpausen.


 


5.     Skulle det oppstå skader eller økonomisk tap på grunn av avløysaren sitt arbeid, for eks. skade på reiskap/utstyr, sjukdom på dyr, kvalitetstrekk på mjølk osv. er dette i utgangspunktet bonden sitt ansvar. Dersom skaden vert dekka av Landbrukstenester sin ansvarsdekning, vil bonden vere ansvarleg for eigendel, – sjå vedtekter. (Ta kontakt i slike tilfeller.)


 


6.     Avløysaren er automatisk dekka for yrkesskade/yrkessjukdom gjennom Landbrukstenester. (Andre dekningar kan variere frå lag til lag, – ta kontakt med Lanbrukstenester.)


 


7.     Som bonde og arbeidsleiar har du teieplikt om alt som gjeld avløysaren sitt arbeid på ditt bruk, – det same gjeld eventuelt i avløysarringen.


 


 


VIKTIG!!!


 


Eit godt arbeidsforhold og samarbeid mellom brukar og avløysar er avgjerande for eit godt resultat. Ver ein god arbeidsleiar, gje avløysaren ansvar.


 


Er du ikkje nøgd med arbeidet så ta dette opp direkte med avløysaren så snart som råd. Litt fleksibilitet frå begge partar er viktig, – då går alt lettare.


 


 


          “Arbeidsinstruks og bonden sine rettar” er utarbeidd av NLT, Norske Landbrukstenester.


                 http://www.landbrukstjenester.no/