Anleggsmaskinførarkurs

Stor interesse for maskinførarkurs i Gaupne.
32 timar teorikurs for å kunne arbeide trygt med masseforflyttingsmaskiner.

20 deltakarar har vore 3 dagar på anleggmaskinførarkurs i Gaupne. Tore Granlund frå Granlund Opplæring AS var kursintruktør. Deltakarane var godt fornøgde med kurset, og har no fått papir på det dei har lært. Dei som hadde dokumentert praksis får eit aleggsførarbevis. Deltakarane fekk og vise at dei kunne å handtere gravemaskin og hjullastar.