3 sommarjobbar

Me har medlemer som søkjer etter arbeidshjelp i slåttonna i Luster kommune. Passar for ungdom mellom 16 og 18 år. Vanlegvis startar slåttonna i desse område rett etter at skulane er ferdige, ca. 20. juni. Ungdomar med interesse for jordbruk og motivasjon til å lære blir oppfordra om å søkje. Ta kontakt med administrasjonen.

1 sommarjobb i Luster
Ein medlem i Luster treng hjelp i slåtten i 3 veker. Start etter at skulane sluttar, ca. 18. juni. Passar for ungdom mellom 16 og 18 år, men alle kan søkje. Send e-post til aud.fossoy@n-lt.no og du får meir informasjon

2 sommarjobbar på Indre Hafslo
2 sommarjobbar på høvevis 6 veker og 4 veker er ledig på Indre Hafslo. Du må ha traktorsertifikat på begge jobbane. Har du derimot mykje erfaring med å køyre traktor kan du og søkje.
Arbeidet: Jobbe med sommarsonni. Begge gardbrukarane ønskjer ungdom med interesse for jordbruk og motivasjon for å lære.

Ta kontakt med administrasjonen og du får vite meir.