1 år permisjon

Landbruksvikar, Jon-Trygve Sygnabere, skal ha eitt år permisjon frå stillinga si. Både me i administrasjonen og bøndene vil sakne ein trufast, pliktoppfyllande og dyktig fagarbeidar, og ikkje minst ein god menneskekjennar.

For over 19 år sidan kom Jon-Trygve Sygnabere til Luster og byrja som

avløysar i Høyheimsvik avløysarring. Eitt av dei fyrste oppdraga hans var

hjå Hans Urdahl, og den 28. Februar 2011 hadde Jon-Trygve siste dag som

landbruksvikar på same stad. Etter fjøsstyren vart den siste arbeidsdagen

markert med frukost, blautkake og mykje mimring.

 

På vegne av tidligare medlemar i Høyheimsvik avløysarring vil me takka

Jon-Trygve for godt utført arbeid i fjøs, på marka og i skogen. Me vil

ynskja Jon-Trygve lykke til med framtida og

som heiltidsbonde på Joranger.

Saude 28.2.11

Hans H Urdahl