Tilskot til sommarjobb16-17-åringar

Luster kommune gjev tilskot til private verksemder (og gardbrukarar) som tilset 16-17-åringar i sommarjobb.

Arbeidet må vare i min. 2 veker i full stilling. Bonden sender attesterte timelister til Landbrukstenester Sogn. Så søkjer me som arbeidsgjevar samla for alle etter at jobbane er avslutta. Frist 25.august for å sende timelister til oss. 

 

 Frå Luster kommune si heimeside:

Luster kommunestyre har vedteke at private verksemder (private næringsdrivande) som tek inn 16- og 17-

åringar busette i kommunen i heiltids sommarjobb i minimum 2 veker, kan få eit kommunalt tilskot til dette

på kr 3 000 pr. sommarjobb. Til sommarjobb for ungdom med funksjonshemming vert ytt tilskot på

kr 6 000.

Det vert betalt ut berre eitt tilskot pr. ungdom, og tilskotet vert ikkje delt om same ungdom tek sommarjobb i

fleire verksemder. Det kommunale tilskotet vert gjeve til den verksemda som først har

16-/ 17-åringen i sommarjobb (etter skuleslutt).

Vedk. alder: 1. juni vert brukt som datogrense i kalenderåret slik at det vert gjeve tilskot til sommarjobb for

ungdommar som har fylt 16 år, men ikkje 18 år, pr. 1. juni 2011. Det må gå fram av søknaden (oppsett

tilskotssats) om det vert søkt om tilskot til sommarjobb for funksjonshemma ungdom.

Les meir om saka her på Luster kommune sine sider, sommarjobb i privat verksemd:

 http://luster.custompublish.com/getfile.php/1531458.1686.pdqvqbqxss/Sommarjobb%20i%20privat%20verksemd.pdf?force=1