Søke om skattekort, utanlandsk borgar

Skal du besøke eit skattekontor må du bestille time

 

Skatteetaten har obligatorisk timebestilling for dei som treng eller ønsker å møte på skattekontoret.

 

Du treng berre å møte på skattekontoret om du skal

·         ha skattekort dersom du ikkje har gyldig D-nummer eller fødselsnummer, eller det er meir enn tre år sidan du har jobba i Noreg/utført ID-kontroll

·         melde innflytting til Noreg

·         bekrefte farskap

 

Du bestiller time på Skatteetaten sine nettsider. Time kan bestillast til påfølgande dag eller seinare. For å kunne bestille time for neste dag må bestilling skje før klokka 14.00.

 

Søk om skattekort på skatteetaten.no

 

·         Personar med gyldig D-nummer og ID-kontroll kan søke om skattekort via våre nettsider.

·         Personar med fødselsnummer kan også søke om skattekort via våre nettsider.

·         Du som arbeidsgivar kan også søke om skattekort for din utanlandske arbeidstakar. Dette gjeld uavhengig om arbeidstakaren har eit norsk fødsels- eller D-nummer frå før.

 

Ein kan også laste ned og skrive ut papirskjema som ein sender pr. post til oss:

Skatteetaten

Postboks 9200 Grønland

0134 Oslo

 

Dersom du har andre spørsmål, ta kontakt med Skatteetaten på chat, Facebook eller

telefon 800 80 000

Vennleg helsing

Skatteetaten

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.