Ny landbruksvikar

290820122122Mantas Martusevicius, 34 år, kjem frå Litauen og har arbeidserfaring i Noreg frå 19 årsalderen. Fyrste åra berre sesongarbeid, men seinare i lengre periodar.

Styret i Landbrukstenester Sogn har difor vurdert Mantas til å vere rett person som landbruksvikar i Lærdal, Årdal og Aurland.

Han har busett seg i Borgund med kone og eit barn. Dei har funne seg godt tilrette.

Me har planar om norskkurs for Mantas, for norsken må bli betre.

Mantas har jobb hjå oss som landbruksvikar, 50 %, og i tillegg 50 % jobb hjå tre bønder i Borgund.

Han har arbeidd som avløysar på norges største geitebruk og 2 år som avløysar på mjølkebruk.

I tillegg til desse jobbane har han jobba på fiskebruk i Nord-Noreg.

ALLE GARDBRUKARAR, uavhengig av medlemskap i Landbrukstenester Sogn, har rett til landbruksvikar ved sjukdom m.v.

I tillegg får de landbruksvikar til vanleg ferie- og fritid. Eller kanskje de har ein anna jobb på garden de treng arbeidsfolk til.

På websida vår kan de lese meir om landbruksvikarordninga.

Me ønskjer at landbruksvikarane får gjere seg kjent på fleire gardsbruk. Å vere føre var.