Ledig vikariat

Ledig vikariat som avløysar/landbruksvikar i Balestrand 1.1.-1.7.2012.

Stillinga er på 100% i 6 månader og inneber avløysing for 4 mjølkeprodusentar i Fjordane Avløysarring. I periodar kan det og vere sjukeavløysing der ein arbeider som landbruksvikar. Dette arbeidet må då prioriterast framfor vanleg fritidsavløysing.

Kvalifikasjonar: Det er ein fordel med agronomutdanning. Vidare er det ønskjeleg at søkjar har erfaring i å mjølke kyr. Førarkort BE.

Søkjar kan få hjelp til å skaffe hus i Balestrandområdet.

Løn etter kompetanse og tariff.

For meir informasjon ta kontakt med  Sigmund Feten tlf.: 901 74693 eller kontakt administrasjonen.