Ledig stilling

Optimisten avløysarring i Fjærland treng ny avløysar frå 01.03.2012. Kort avstand til Sogndal sentrum, ca 30 min. køyretid.

Søknadsfrist: Snarast.

AVLØYSAR

Landbrukstenester Sogn søkjer etter ny avløysar  i inntil 100% stilling frå 1. mars 2012. Optimisten Avløysarring har 4 medlemer med mjølkeproduksjon i moderne driftsanlegg. Dei ønskjer å kome i kontakt med ein person med interesse innan landbruk og relevant praksis. Den som søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og utdanning frå jordbruksskule er ein fordel, men ikkje noko krav. Ordna arbeidsforhold og tariffløn.
Innbyggjarane i Fjærland har markert seg med ståpåvilje for bygda si og godt samhald. Det aktive jordbruksmiljøet gjer stillinga som avløysar attraktiv. Gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Sjå  www.fjaerland.origo.no for meir informasjon om bygda.

Nærare opplysningar hjå Ivar Supphellen, tlf. 901 97276. Aud Fossøy, tlf. 909 62157, aud.fossoy@n-lt.no

Krav til kompetanse
Praksis: Gardsarbeidar
Sertifikat: Førarkort: Kl. T (traktor)

Type stilling
Fast stilling, Skiftordning, Heiltid

Løn
I følgje tariff

Arbeidsstad
Sogndal (Sogn og Fjordane)

Adresse: Landbrukstenester Sogn, postboks 157, 6866 Gaupne

Søknadsfrist: Snarast