Landbruksvikarkurs i Jølster

Frå 26. til 28. august deltok NLT på Landbruksvikarkurs i Jølster. Kurset vert arrangert for landbruksvikarar og administrasjonstilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland, samt litt av Buskerud.

[su_carousel source=»media: 1680,1679,1678,1677,1676,1675″ height=»800″ items=»1″ title=»no»][su_carousel source=»media: 7259,7262,7263,7261,7260,7258″ height=»800″ items=»1″ title=»no»][/su_carousel]

Fyrst på programmet var «Taparkyr», Grete Jørgensen frå Bioforsk på Tjøtta fortalde oss om korleis individa i t.d. lausdrift påverka kvarandre, og at nokon enda som taparkyr. Taparkyra hamnar lengst nede på rangstigen, får redusert mjølkeproduksjon og vert ofte utrangert.

Etterpå var det klart for fjøsbesøk i Stardalen hjå Marit Flatjord. Ho fortalde om samdrifta deira der 5 bønder samarbeida. Nøgde kyr i lausdrift vart vist, samt mjølkeroboten.

Om kvelden var det middag og Quiz og god prat blant deltakarane.

Dag to starta med HMS førelesning med Kolbjørn Taklo, og etter lunsj var det klart for lagbyggjing på Lunde. Verten Atle Henning Lunde hadde laga til lagkonkurransar med tilsaman 6 øvelsar. Dei fem fyrtste øvelsane var Mjølkeklutkasting, mjølkespannkasting, øksekasting, pil og boge og leirdueskyting med laser. Den sjette øvelsen var noko for seg, Atle Henning hadde rett og slett ein eigen rodeo-okse i «restauranten». Her var sjølvsagt poenget å halda seg på oksen lengst mogleg. Gjermund Stuve vart vinnaren på rodeoen med heile 42 sekund. Etter vel gjennomført lagbyggjing bar det tilbake til hotellet for middag og drøs ut i dei seine timane.

Siste dagen vart landbruksvikarane og dei administrasjonstilsette skilde for å ha kurs/møte for seg sjølve. Kurset vart avslutta med lunsj.

Det må nemnast at utan støtte frå Studieforbundet Næring og Samfunn hadde det vore vanskeleg å arrangera eit slikt kurs.

Oppsummert var dette eit veldig godt gjennomført kurs. Målet til NLT er at alle landbruksvikarane i landet skal ha eit slikt kurstilbod. Det er tydeleg at alle set pris på slike samlingar der ein kan utveksla erfaringar og verte kjende med andre kollegaer i andre kommunar og fylke. NLT takkar for at vi vart invitert og vi kjem meir enn gjerne neste år og.