Landbruksvikar

Landbruksvikarane


Landbrukstenester Sogn har ansvaret for landbruksvikarane i regionen. Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Fylkesmannen til beredskap.

Dei dagane det ikkje er sjukdom kan landbruksvikarane jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Me er avhengig av at de leiger det dyktige personalet vårt utanom sjukdom også!! Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida. Det er praktisk at landbruksvikaren kjenner litt til fjøsstyren viss ein er uheldig og hamnar på sjukehus.

Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, feriepengar, arbgjevaravgift, køyring, forsikring)

Sjukdomsavløysing:              kr 1 530 + m.v.a. pr. dag
Anna avløysing, kvardag:    kr 1710 + m.v.a. pr. dag
Anna avløysing, helg:           kr 2 050 + m.v.a. pr. dag

Tinging går direkte til kontoret, og vanlegvis i kontortida: tlf. 909 62157. Viss de blir sjuke utanom kontortida, mobil 917 76626, Aud.

Rettleiing for utfylling av timelister14

Leige landbruksvikar 2015, LT Sogn 

   Jonathan Jordalen (f.1998) Vik. Tilsett som landbruksvikar i Vik og Balestrand frå 01.09.2017. Jonathan har gått 3-årig jordbruksskule på Mo og var ferdig utdanna agronom våren 2017. Han har vokse opp på gard i Vik og er vand med å ta i eit tak. Jonathan har og erfaring med geit. Han har og Kompetansebevis på gravemaskin og hjullastar. Jonathan er ein positiv og arbeidsom kar som tek varierte oppdrag. Me vonar bøndene tek vel imot han.  Mob.:97469434
 
Inger Johanne Yttri

Inger Johanne Yttri

Inger Johanne Yttri (f.1963) Skjolden. Tilsett som landbruksvikar 100 % stilling frå 1.10.2014. Arbeidsområde Luster, Sogndal og Leikanger. Ho har jobba frå 01.04.2014 for Landbrukstenester Sogn. Inger Johanne har jordbruksutdanning med lang erfaring, mellom anna 12 år som landbruksvikar i Romsdalen. Ei positiv og allsidig dame med mykje kunnskap og praksis. Inger Johanne har ei løysing på det meste, tek på seg varierte oppdrag, er ikkje redd for å ta i eit tak. Mob.: 99251069.

 

Tage Nondal, (f.1984) Hafslo. Arbeidsområde: Luster og Sogndal. 100% stilling som landbruksvikar frå 01.01.2009. Tage er utdanna agronom og har erfaring som kommunal landbruksvikar i Vik. Sprøytesertifikat. Han har opparbeidd seg stor tillit mellom bøndene i Indre Sogn. Tage er tilsetterepresentant i styret for Landbrukstenester Sogn, deltek på alle styremøte.
Tlf: 992 27417
Mihai Rusu Dorian, (f.1984). Arbeidsområde: Sogndal, Leikanger og Luster. 100 % stilling som landbruksvikar frå 1.07.2010. Løysingsorientert og kvikk kar, positiv tillit frå bøndene i området. Frå Romania, snakkar engelsk og norsk. Allsidig erfaring med dyrestell, traktorkøyring og bruk av ulike maskiner.  Dorian er og flink til å reparere landbruksutstyr. Motorsagkurs.
Tlf: 47602732
 mantas-4 Mantas Martusevicius (f.25.03.1981) er tilsett i 50 % stilling som landbruksvikar i Lærdal frå 01.11.2014. Han jobbar og som avløysar i Lærdal i 50 % stilling. Mantas snakkar litt norsk og litt engelsk, kan og ta oppdrag med snikkering.

 

IMG_1410 Julie Bøtun (f.1984) Fresvik. Tilsett som landbruksvikar 01.03.2014. Arbeidsstad: Vik, Feios og Fresvik. Agronom og røyrleggar. Julie driv sitt eige røyrleggarfirma og jobbar for Landbrukstenester Sogn ved behov. Ho er ei positiv og allsidig dame med brei utdanning og erfaring. mob.: 977 80 123
Jan Ove Fuglesteg (f.15.08.1972) busett i Fortun, tilsett som landbruksvikar på deltid i Luster frå 01.01.2014. Han er utdanna industrimekanikar og har praksis frå jordbruket i 18 år. Maskinførarbevis for hjullastar og gravemaskin. Jan Ove er svært flink til å reparere landbruksmaskiner. Han er allsidig og positiv, tek på seg varierte oppdrag. Jobbar 50% som landbruksvikar og er bonde sjølv.Tlf.: 976 80 214

Til deg som vil leige landbruksvikar : Les praktisk info her :

Landbruksdirektoratet:

«Den nye landbruksvikarordningen er landsdekkende

Ordningen med landbruksvikarer ansatt i avløserlagene som ble iverksatt 1. januar 2008 er nå landsdekkende. Foreløpig rapportering for landbruksvikarvirksomheten i avløserlagene viser at bønder i de aller fleste kommunene i landet har tilgang på landbruksvikar.

Det er 32 kommuner som er uten landbruksvikar, men de fleste av disse har ingen eller svært få foretak med husdyrproduksjon. Det er derfor mindre behov for landbruksvikar i disse kommunene.

Statens landbruksforvaltning har fordelt 240 årsverk til landbruksvikarstillinger på fylkene. Fylkene har deretter fordelt sitt antall årsverk på avløserlagene i området. Tilskuddet er kr 270 200 per årsverk.»