Kurs for tilsette

Hos Marit Flatjord

Marit Flatjord fortel om samdrifta

Verten med Tigeren

Vertskapet: Linda og Atle Henning Lunde. Atle starta «Tigeren» frå den store motorsagsamlinga. Den brumma fint!

ax

Full innsats frå vossingane med øks

Stardalen plastik

Frå v.: Solveig Sperle, Grete Jørgensen frå Bioforsk, Tone Sørland og Mathilde Johnsen.

Skyting

Full konsentrasjon på laserskytinga.

Robotkyr

Robotkyr. Lyst og luftig i fjøsen.

Lundebreen

Lundebreen i bakgrunnen. Me kosa oss på ein flott plass med mykje aktivitetar!

Julie

Julie i aksjon på oksen. Damene var spreke og!

Landbruksvikarar og avløysarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland var på kurs på Skei 26.-28. august.

Romar

Frå NLT: Romar Skeie Olsenprøver seg som cowboy!

Fyrste dagen var me på fjøsbesøk i Stardalen hjå Marit Flatjord. Ho fortalde om samdrifta deira. Den vart driven av 5 bønder. Me fekk sjå mjølkeroboten og fornøgde kyr i lausdrift.

Hans

Hans åretun Sand, sprek pensjonist på oksen – imponerande!

Teoridel om taparkyr onsdag med Grete Jørgensen frå Bioforsk på Tjøtta. Ho fortalde om forsking på mjølkemengde når kyr gjekk inne eller ute.

Onsdag vart det lagbygging på Lunde med mange fysiske utfordringar: Mjølkespannkast, jurklutkast, laserskyting på leirduer, øksekast, bogeskyting.  Til slutt laut me prøve å ri på rodeo-oksen. Det var ikkje lett. Verten Atle Henning Lunde hadde og ei flott samling gamle motorsager. Han starta opp «Tigeren», så me fekk høyre det var liv i den!

På Lunde hadde dei flott serveringslokale, eit gammalt grindbygg, som var fint restaurert.

Torsdag kom Kolbjørn Taklo med foredrag om internkontroll og risikovurdering. Dette er viktige tema å oppdatere seg på.

Mange blide kursdeltakarar etter eit vellukka kurs.

Kursansvarlege var Landbrukstenester Folgefonna, NLT Voss, NLT Hordaland og NLT Sunnfjord.

Studieforbundet Næring og Samfunn gav støtte til kurset.

Gjermund Stuve prøver seg på oksen.

Gjermund Stuve sat lengst på oksen. Han har god trening på hesteryggen – den karen!

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.