Info november 2009

 

November 2009

Avløysartilskotet

Dei fleste medlemane har att tilskot som ikkje er brukt opp. Sjå på vedlagt medlemsoppgåve. Send inn timelister snarast råd. Bruk merknadsfeltet på timelista eller eige ark viss de ønskjer at me skal rekne ut arbeidstimar i forhold til avløysartilskotet de har. Det er god hjelp for oss om de skriv på medlemsnummer og gjerne tilsettnummer. Då går arbeidet vårt lettare.

Lønnstariffen som er avtala mellom LA og Fellesforbundet er ein minstelønsavtale og blir oppdatert i følgje lønnsforhandlingar kvart år den 1. april. De har difor høve til å lønne meir pr. time, for til dømes godt utført arbeid eller lang praksis, enn det som står i tabellen. Gjer eigne vurderingar her. Tabellen finn de på heimesida vår www.landbrukstenester-sogn.no

Bruk gjerne e-post viss de har spørsmål: aud.fossoy@n-lt.no, solveig.sperle@n-lt.no

Fristar

Årsoppgjer: De må levere alle timelister innan den 15. desember. Me må ha skattekort for alle lønsmotakarar.

Lønns- og trekkoppgåver og kontoutdrag vert utsendt veke 2/2010. Skal me greie å rapportere til rett tid må de halde desse fristane!

Opningstider

Ope kvar dag: Aud Fossøy (100% stilling), Solveig Sperle : Måndag, onsdag og torsdag (50%)

Kontoret blir stengt i romjula.

Utanlandsk arbeidshjelp

EØS-borgarar med unntak av Bulgaria og Romania kan no kome til Norge utan å søkje opphaldsløyve. Det einaste den utanlandske borgaren treng å gjere er å resgistrere seg hjå lensmannen. Les meir om dei nye reglane på heimesidene våre eller be om å få tilsendt dei nye reglane.

«Allmenngjøring av lønnsbestemmelser i jordbruks- og gartnerioverenskomsten

Av Petter Nilsen  16.11.2009, Landbrukets Arbeidsgiverforening, www.la.no

Tarrifnemnda har den 16. november fattet enstemmig vedtak om allmenngjøring av minstelønnssatser i jordbruks- og gartnerioverenskomsten mellom LA og Fellesforbundet.  

Tariffnemndas vedtak innebærer allmenngjøring av dagens tabellsatser fra 77 kroner per time (yngre arbeidstakere) til kr 115,15 pr time (fast ansatt ufaglært). Dette følger av «Forskrift om allmenngjøring av tariffavtale for jordbruks- og gartnerinæringene», som vil tre i kraft 1. januar 2010. 

Det følger videre av forskriften at dagens «fagarbeidertillegg» på kr 8 pr time vil bli allmenngjort. Det samme gjelder overenskomstens helgetillegg til røkter/avløser i fast turnus.  

Bakgrunnen for tariffnemndas vedtak var LOs begjæring, som ble innlevert i mars i år. Et utkast til forskrift ble sendt ut på høring i sommer med høringsfrist 1. September.

LA har, under visse forutsetninger, hele tiden vært positivt innstilt til en delvis allmenngjøring, dersom dette kan motvirke eventuell sosial dumping, og bidra til like konkurransevilkår.  LA konstaterer derfor med tilfredshet at tariffnemndas vedtak ligger veldig tett opp til vår egen høringsuttalelse samt høringssvarene fra landbrukets organisasjoner forøvrig.
 
Når tariffnemnda nå vedtar allmenngjøring av minstelønnssatsene, uten også å gå inn for allmenngjøring av andre bestemmelser, som Fellesforbundet krevde, for eksempel arbeidstøy og spiserom m.v. er det all grunn til å være fornøyd med vedtaket som vil bidra til å skape like konkurransevilkår i næringene». Henta frå heimesidene www.la.no

 

Fjøstavla

Me sende «fjøstavla» i konvolutt til alle aktive medlemer i juni i år. Avløysaren og landbruksvikaren ønskjer å gjere ein best muleg jobb på garden. Bruk difor litt tid på å henge opp og oppdatere «fjøstavla» – ein viktig informasjonskanal mellom bonde og avløysar.

Landbruksvikarordninga

De tingar landbruksvikar direkte til kontoret: tlf.:57 68 13 95

Vakt utanom kontortida: Mobil Aud: 917 76626.

Landbruksvikarordninga er ei teneste for alle gardbrukarar i vår region, og ein treng ikkje vere medlem i laget.

Landbruksvikar Sølvi Wie har sagt opp jobben sin, og tek til i arbeid i Førde. Hans Åretun Sand som har hatt stillinga hennar under svangerskaps-permisjonen, fortset i denne stillinga.

Janine Gulbrandsen, arbeidsområde Sogndal, Luster og Leikanger.

Kåre Kvamme, arbeidsområde Aurland og Lærdal.

Jon-Trygve Sygnabere, arbeidsområde Luster.

Renate Rendedal, arbeidsområde Balestrand.

Tage Nondal, arbeidsområde Vik.

Hans Åretun Sand, arbeidsområde Lærdal, Aurland og Årdal.

Prisar pr. dag for landbruksvikar er sterkt subsidiert, alle utgifter inkludert:

Sjukdom: kr 1 130 pr dag (frå 1.jan.2010 kr 1 200) + m.v.a.

Ferie: kr 1 250 pr dag + m.v.a.

Helg, ferie kr 1 500 pr dag + m.v.a.

Når gardbrukaren eller ektemake blir sjuk, sjuke barn, fødselspermisjon m.m.

Dagsats ved sjukdom er differensiert etter storleiken på avløysartilskotet. Maks tilskotssats ved sjukdom er kr 1 130 pr. dag. Den vert auka til kr 1200 pr dag frå 1.1.2010. Forskrift finn de i rettleiingshefte som de får ved kvar søknadsomgang frå Statens Landbruks-forvaltning. www.slf.dep.no/ Ta kontakt med Landbrukstenester Sogn viss de treng hjelp.

Svineinfluensa

Me kan diverre ikkje nytte eigenmelding som dokumentasjon for refusjon av landbruksvikarutgifter i samband med svineinfluensa. Difor må de ha sjukemelding frå fyrste dag.

 

Vedlegg: Medlemsoppgåve (for medlemer m/aktivitet på konto), kontoutdrag og timelister.