Søknadsfrist 15. oktober

Søk om produksjonstilskudd i jordbruket og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid

AVLØYSARTILSKOTET: Viss du ikkje har levert inn timelister, kan du skrive kr 0 i søknaden. Send oss timelister snarast. Logg deg inn att i søknaden seinare, endre beløp og send inn på nytt innan 10.01.2019.

Ny søknadsomgang produksjonstilskot oktober 2018

Hugs neste søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket som er 15.oktober 2018. Du kan ikkje levera søknaden før registreringsdato 1.10.

Søknaden bør leverast elektronisk via Altinn, men det er opna opp for å senda papirsøknad. Ta kontakt med kommunen for hjelp til å senda inn elektronisk søknad. Hugs å ta med påloggingsinformasjon til Altinn. (td MinID eller Bank-id).

Du må oppgje anten e-post eller mobilnummer for å få sendt inn søknaden. Det er viktig at du trykker på «kontroll søknad» og «send søknad» for at den skal bli innsendt.

Elektronisk søknad er raskt, sikkert og reduserer risikoen for feil i søknaden. Opplysningane i søknaden vert kontrollert før innlevering, og du vil finna søknadsopplysningane frå førre søknad.

Viktige datoar for søknadsomgangen i oktober 2018: – 1.oktober som er teljedato – 15.oktober søknadsfrist – 29.oktober frist for å etterregistrera/korrigera opplysingar i innsendt søknad – 10.januar 2019 frist etterregistrera sanka dyr frå utmarksbeite, avløysarutgifter og levert frukt/bær.

Opplysningar denne søknadsomgangen er;

dyrtal pr 1.10

arealopplysingar

dyr på beite/utmarksbeite

avløysarutgifter 2018

grovfôrsalg

bevaringsverdige husdyrraser

levert frukt/bær 2018 (nye reglar frå 2018)

Søknadsfristen 15.oktober er absolutt, men det vil vera mogleg å endra opplysingar 14 dagar etter fristen. Få registrert søknaden din innan 15.oktober, so kan du heller gå inn å korrigera opplysingar i etterkant. Søker du ikkje innan fristen får du heller ikkje tilskot.

Det vert ikkje lenger sendt informasjon i posten. All kommunikasjon går no via meldingsboksen i Altinn. Søknadsskjemaet finn du på www.landbruksdirektoratet.no eller på www.altinn.no

Aktuell informasjon om søknadsomgangen oktober 2018 finn du på Landbruksdirektoratet sine sider her og her. Søkjar er sjølv pliktig å setta seg inn i gjeldande regelverk. (henta frå infoskriv frå felles landbrukskontor Aurland, Lærdal og Årdal)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *