God tilgang på avløysarar

Me har godt kvalifiserte avløysarar, agrononomar, som er interesserte i arbeid. Gjeld kommunane Luster, Leikanger og Sogndal.
Landbruksvikarane er i tillegg disponible for alle bønder. Tinging direkte til kontoret.

Fleire studentar i Sogndal med agronomutdanning tek gjerne helgeavløysing m.m. Andre ledige deltidsavløysarar, agronomar  med praksis, har noko ledig kapasitet framover.

Landbruksvikarane kan de tinge til ordninære oppdrag, men fyrst og fremst skal dei vere disponible når bonden er sjukmeld. Gjeld kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Leikanger, Balestrand, Vik, Sogndal og Luster.

Er det snakk om vekesoppdrag, og de har ledig husvære, har me personale som kan vekependle. Ring oss på telefon 909 62157 for avtale.