Sjukdomsavløysing

 Søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v.

Når du som bonde er sjuk m.v. har du rett til å leige landbruksvikar og søkje om å få refundert utgiftene. Du kan bruke landbruksvikar frå oss eller eigen avløysar (>15 år).

Vilkår for å få tilskot til avløysing ved sjukdom eller fødsel m.v.:

«Sjukmeld eller går til behandling, mottak av foreldrepengar eller svangerskapspengar, omsorgspermisjon ved fødsel eller adopsjon, legekonsultasjon/behandling av barn, kronisk/langvarig sjukdom eller funksjonsnedsetjing hos barn, Jordbrukaren har døydd»

Endringer i kravet til den avløste jordbrukerens næringsinntekt:

Den 18. desember 2018 fastsatte Landbruks- og matdepartementet endringer i det såkalte næringsinntektsvilkåret i § 3 andre ledd i sykdomsavløsningsforskriften. Endringene innebærer at

  • det ikke lenger stilles krav til nivået på næringsinntekten til innehavere av ENK   

     det ikke stilles krav om næringsinntekt til nyetablerte innehavere av ENK før etter tredje årsskifte fra etableringen av foretaket

    For deltakere i ANS eller DA og for ektefeller til innehavere av ENK gjelder akkurat de samme kravene til næringsinntekt fra foretaket som tidligere:

    (Dvs: Ektefelle må ha næringsinntekt > 1/2 G frå føretak i jordbruk/gartneri  for å ha rett til avløysing ved sjukdom m.v. Nivået på næringsinntekt er knytt til grunnbeløpet (G), og må tilsvare 1/2 G. I 2019 skal det reknast ut eit snitt av næringsinntekta for dei to siste åra der likninga er  kjend, d.v.s. 2016 og 2017. Denne næringsinntekta skal samanliknast med grunnbeløpet (G) frå likningsåret som er avslutta sist (2017) )

  • Vi minner i tillegg om følgende av de viktige endringar:

    Søknadsfristen ble utvidet til ett år.

    Produksjonen første dag i perioden det søkes tilskudd for, er avgjørende for hvor mye tilskudd foretaket kan få.

    Driftsfellesskap har betydning for tilskuddet.

    Det gis tilskudd hvis de medisinske vilkårene for svangerskapspenger er oppfylt.

  • Rett til sjukepengar frå NAV: Det er viktig at du aller fyrst sender krav om sjukepengar til NAV dersom du er sjukmeld meir enn 16 dagar. Blankett D i sjukmelding må fyllast ut og sendast inn til rett tid saman med skjema Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande som skal ha sjukepengar—Adresse: NAV  arbeid og ytelse Sogn, – D-skjema, Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger 
  • Søknadsskjema: Les her på nytt skjema og rettleiing https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/avlosning-ved-sykdom/skjema

 

Dokumentasjon søkjar må sende kommunen i samband med søknaden:

I alle saker:

– Dokumentasjon for utgifter til avløysing i perioden som viser kva tenester som er utført, når og av kven

(t.d. faktura, lønsoppgåve, stadfesting av skattetrekk og innbetalt arbeidsgjevaravgift).

Meir informasjon finn du på nav.no.

Avhengig av årsak til avløysinga:

– Sjukemelding, del C

– Erklæring frå lege/behandlingsstad

– Kopi av vedtak om stønad frå NAV: Svangerskapspengar, foreldrepengar, eingongsstønad ved fødsel

– Fødselsattest eller stadfesting på adopsjon/omsorgsovertaking

– Dødsattest, bustadsattest frå folkeregisteret

– Dokumentasjon for inntektene den avløyste hadde (eller kunne hatt) i avløysingsperioden:

T.d. utskrift frå «Dine utbetalinger» på nav.no, lønsslipp, oppgåve over møtegodtgjersle eller honorar for verv.

Dersom den avløyste kunne ha fått stønad frå NAV i avløysingsperioden må det dokumenterast kor mykje dette ville ha utgjort sjølv om vedkomande av ein eller annan grunn ikkje har søkt slik stønad.

Søknadsfrist? 1 år

Søkjar pliktar å: – Setje seg inn i kva reglar som gjeld for tilskotet.

– Gi dei opplysningane og den dokumentasjonen landbruksforvaltninga treng for å avgjere

søknaden – også ut over det som er nemnt i denne orienteringa.

Opplysningane kan kontrollerast av kommunen, Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet. Dersom det aktlaust eller forsettleg er gitt feil opplysningar i samband med søknad om tilskot kan det føre til avkorting av tilskotet. Tilskotsbedrageri eller forsøk på dette er straffbart.

Ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen viss du har spørsmål om vilkåra for rett til tilskot, til søknads-skjemaet eller til kva dokumentasjon du skal legge ved søknaden.

 

Ragna, geit