Avdelingsleiar

LT Sogn søkjer etter avdelingsleiar til kontoret i Sogndal i 60 % stilling med snarleg tilsetjing. Me ønskjer helst søkjarar med kompetanse innan løn og rekneskap. I tillegg må søkjar vere serviceinnstilt, resultatorientert og gjerne ha praksis innan kunderådgjeving.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne er eit krav. Arbeidsoppgåvene kan justerast etter kompetansen til den som blir aktuell for stillinga. Opplæring ved kontoret i Gaupne.

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk, pensjonsordning.