Årets tøffaste avløysar

17.-19. august var me inviterte til landbruksvikar-samling på Storefjell. Der var både landbruksvikarar og kontortilsette frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud.

Etter teori og ekskursjon på Nortura på Gol, vart det eit høgdepunkt på programmet med kåring av «Årets tøffaste avløysar».

Kontortilsette fekk og prøve seg… Overraskande for mange var at Vidar Torsvik,  LT Hordaland, enda opp som bestemann frå administrasjonen. Sidan det ikkje var sett opp eigen premie i den klassa får han hermed heider og ære 🙂 Foto manglar diverre.

Arrangør av kurs og konkurranse var Landbrukstenester Folgefonna og Etne Avløysarlag. Me fekk vere på den flotte setra Øynebråten under Storefjell hotell.

Aud Fossøy klar til start! 

Torbjørn Aalton, LT Folgefonna, har lyst til å hjelpe Solveig Sperle med saga.

Kåre Kvamme mjølkar så det sprutar!

Romar Skeie Olsen, NLT, strevar med å få kjeda på plass. Romar er overraskande rask i starten.

Tormod Herre kjem fort ut att av røyret! Han hadde utvilsamt beste teknikken her.

Romar mot Tormod. Full innsats frå start til mål! Den fagutdanna kom fyrst til mål.

Tomod Herre, LT Sogn, nytilsett landbruksvikar frå 1. mai i år imponerte stort. Hurra!

Nr 2 etter spennande finale mot Piotr som vann.

Tage Nondal og Hans Åretun Sand i aksjon.

Aud Fossøy, dagleg leiar, i fint driv. Fagarbeidaren, vann klart.

Heia!! Hans Åretun Sand presterte godt.

Plastikk-kua gav ikkje ned så lett.

Kommentarar med snert frå taket.  Damene i aksjon, Anette mot Hege Våtevik, Fjærland.

Vinnar: Pioter Chlebowicz. Tormod Herre ein god nr.2