Årets avløysar 2018

ÅRETS AVLØYSAR: Steinar Kalhagen er kåra til årets avløysar. Her er han i fjøset til Claus Moe.

Steinar Kalhagen er årets avløysar i Sogn og Fjordane og tilsett i Landbrukstenester Sogn. Det er Norske Landbrukstenester som deler ut prisen, i følgje nominasjon, som består av diplom og klokke.  Sidan Steinar ikkje hadde høve til å ta imot den gjeve prisen på det nasjonale arrangementet vart det middag, fotografering og meir gåvedryss på Hafslo sist veke.

Steinar har arbeidd som avløysar i 23 år. – Med Steinar på plass kan me trygt ta oss ein tur bort frå garden uten å ha otte for arbeidet som skal gjerast, seier dei heldige bøndene på Hafslo.   Me deler ein treffande karakteristikk frå Facebook, der gratulasjonane har vore mange:

Tonje Været Bremer Steinar er verdens mest ansvarsfulle avløser og dyras beste venn ❤️ Alle kan ha en ansatt, men lojaliteten, tålmodigheten og innsatsen til Steinar er i en klasse for seg. Denne prisen er SÅ fortjent 🎉
Gratulerer Steinar – du er god som gull 👏🏽

Steinar Kalhagen

Steinar Kalhagen Tusen takk tonjedet var hyggelige ord. Set stor pris på den
Foto: Sogn Avis og privat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.