VEDTEKTER FOR LANDBRUKSTENESTER SOGN
§ 1 Organisasjon. Landbruksteneste Sogn BA. Org. Nr 971 364 041. nedafor kalla laget, er eit andelslag etter samvirkeprinsipp med avgrensa økonomisk ansvar (BA),
vekslande kapital og medlemstal. Medlemene hefter berre med sitt andelsinnskot for gjelda til laget. Laget har ein administrasjonsstad.
§ 2 Føremål.Laget si hovudoppgåva er å skaffe avløysing slik at medlemene får regelmessig fritid, avlasting i onnetider og avløysing under sjukdom m.v.Laget kan også administrere/koordinere andre former for samarbeidstiltak, som kan vera med å betra medlemene sitt driftsresultat, arbeidssituasjon og velferd.Det kan og vera naturleg å yte andre tenester som styrkjer landbruket, eller er utviklande for lokalmiljøet (generell bygdeutvikling).
§ 3 Ansvar.Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og tilsette i administrasjonen, og kan tilsetje avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.
§ 4 Medlemskap/andelar.Laget skal vera ope for medlemskap for brukarar som har rett til tilskot for avløysarutgifter og/eller fått utbetalt produksjonstillegg etter forskrift om areal og kulturlandskapstillegg.Kvart medlem (driftseining) teiknar seg for ein andel. Kvar andel lyder på (minimum kr. 100,-) som skal betalast inn kontant. Andelen fylgjer landbrukseigedomen. Ved eigar/brukarskifte kan andelen overførast til ny eigar/brukar (driftseining).I tillegg kan styret fastsetje ei administrasjonsavgift. Administrasjonsavgifta kan vera eit fast beløp pr medlem eller eit særskilt påslag (i prosent) av brutto lønn.
§ 5 Rettar og plikter. Kvart medlem har rett til hjelp for å skaffa arbeidskraft/avløysing som er best mogeleg tilpassa deira behov. Medlemene må til ei kvar tid retta seg etter dei lover og reglar som er gjeldande for velferdsordningane. Når laget står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane og betalar ut løn til desse, pliktar kvart medlem å betale sine kostnader til rett tid. Laget skal ha tilgjengeleg, og gje medlemmene informasjon og rettleiing om gjeldande lover og forskrifter for helse-, miljø- og sikkerhet. Laget skal ha oversikt over krav som er særleg viktige for verksemda. Kvart medlem har ansvar for at arbeidsmiljøet på bruket er i samsvar med gjeldande reglar i arbeidsmiljølova, og har plikt til å gi informasjon og opplæring til arbeidstakarane etter AML og KSL sine krav. Medlem som vert påført ansvarsskade, har sjølv økonomisk ansvar for eigenandelen ved forsikringsoppgjeret. Skaden må kunna skuldast den tilsette sitt arbeid.
§ 6 Utmelding/Eksklusjon. Medlemskapen er bindande frå innmeldingsdato og fram til 31. desember same år. Seinare følgjer medlemskapen kalenderåret. Utmelding skal skje skriftleg til styret seinast 6 månader før utgangen av året. Medlem som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremja slikt krav, dei kan og fremja krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal medlemen ha skriftleg varsel og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Medlemen kan anke styrevedtaket inn for årsmøtet. Ved utmelding/eksklusjon har medlemen rett å få betalt attende sin andel dersom laget sin økonomi gjev rom for det. Innbetalt administrasjonsavgift vert ikkje betalt attende. Det kan heller ikkje stillast krav om andel av laget si eiga (formue). Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget.
§ 7 Årsmøtet. Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april. Innkalling vedlagt sakliste, årsmelding, rekneskap, årsplan og budsjett skal sendast medlemene skriftleg med 14 dagars varsel. Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må vera kome skriftleg til styret seinast 4 (fire) veker før årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemene krev det. Kvart medlem / driftseining har 1 røyst. Medlemene kan møta med skriftleg fullmakt, men ingen kan møta med meir enn ei fullmakt. Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si røyst, unnateke ved personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning. Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to medlemer valde av årsmøtet. På årsmøtet skal følgjande saker handsamast: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 2. Val av møteleiar og skrivar. 3. Val av to medlemer til å skriva under møteboka. 4. Styret si årsmelding. 5. Rekneskap og revisjonsmelding. 6. Arbeidsplan for komande år. 7. Budsjett for komande år. 8. Godtgjersle til tillitsvalde 9. Val: - val av styreleiar for 1 år. - val av styremedlemer for 2 år. - val av vararepresentantar til styret (nummererte) for 1 år. - val av nestleiar - val av revisor - val av medlem og varamedlem til valnemnd 10. Andre saker som er med i innkallinga.
§ 8 Styret. Laget skal leiast av eit styre på 8 medlemer valde på årsmøte. Ein av styremedlemene skal vera ein tilsett som er oppnemnt av og blant dei tilsette i laget. Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Styremedlemene vert valt for 2 år om gongen. Kvart år er 4 av medlemene i styret på val, første gong etter loddtrekning. Styret held møte så ofte leiaren finn det nødvendig eller minst 4 av medlemene i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Har eit styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan innkallast. Ved likt stemmetal avgjer leiaren si stemme.
§ 8.1 Oppgåvene til styret. Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsett av offentleg styresmakt. Styret skal kartleggja, organisera og administrera all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemene får tenlege løysingar. Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte. Vidare skal styret bl.a.: 1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om nødvendig fastsetje ei administrasjonsavgift. Forvalta
laget sine midlar og leggja fram forslag om bruk av disponible midlar. 2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver. 3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar. 4. Ha ansvar for laget si årsmelding. 5. Setje opp arbeidsplan og budsjett for komande år. 6. Tilsetje og seie opp personale og fastsetja løn og tilsetjingsvilkår. 7. Ha ansvar for at kontoret har tilfredsstillande bemanning og at kunnskapane til kvar tid står i forhold til
arbeidsoppgåvene. Og at arbeidsforhold og arbeidsmiljø er slik at det skapar grunnlag for effektivitet og trivsel. 8. Arbeida aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemene til kvar tid får dei tenester dei har behov for. 9. Samarbeida med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i
lokalmiljøet. 10. Styret kan opprette arbeidsutval etter behov. (Vanlegvis samansett av styreleiar, eit styremedlem og dagleg leiar.) 11. Styret skal vedta retningslinjer for verneombod, og kan, - i eige styrevedtak, - gje verneombodet fullmakt på laget
sine vegne til å føreta besøk hjå den einskilde medlem. Styreleiar og eit styremedlem bind laget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura. Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut til styremedlemene innan 14 dagar etter kvart møte.
§ 9 Valkomité. Laget skal ha ein valkomité på 4 medlemer. Valet gjeld for 2 år. Kvart år går 2 medlem ut, første år etter loddtrekning. Det skal kvart år veljast 1 varamedlem til valkomiteen. Leiaren vert vald på årsmøtet. Valkomiteen skal føreslå kandidatar til alle val som skal haldast på årsmøtet, unnateke revisor. Revisor skal veljast etter innstilling frå styret. Valkomiteen skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetje instruks for valkomiteen.
§ 10 Tvistar. Tvist mellom laget og eit eller fleire av medlemene i laget som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemer. Kvar av partane vel eit medlem og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane innan ein frist som er fastsett av styret ikkje har oppnemnd sitt medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren. Kravet om skilsdom må vera kome inn til styret innan 3 månader etter at medlemen har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.
§ 11 Vedtektsendring. Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Endring krev 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet.
§ 12 Oppløysing - Fusjon.Vedtak om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal av deltakarane på møtet. Stemmerett i slike tilfelle krev medlemskap i minst eitt år. Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre.For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre. Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då simpelt fleirtal (50%) av stemmene frå dei frammøtte. Vedtektene er godkjend av årsmøte 25.3.2006 Vedtektene gjeld frå 25.3.2006
Vedtektene er godkjent av Fylkeslandbrukskontoret.....13.6.(dato/år)....2006
...............................................................................................................
Årsmøte for 2008 : Endring av §1: Laget har ein administrasjonsstad. Vedteke 31.03.2009.

