Kontakt oss

Tlf. 909 62 157 

Vakt kveld/helg:

917 76626 (Aud)          

994 66812 (Solveig)

Faks: 947 61 353

Adr.: Pyramiden,

6868 Gaupne

Kontorstad: Pyramiden, Gaupne

Opningstid kontor:        

kl 8.00 - 15.30

E-post:       aud.fossoy@n-lt.no

Søk etter

Search

Landbruksvikarane 

Landbrukstenester Sogn har ansvaret for landbruksvikarane i regionen. Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Fylkesmannen til beredskap.

Dei dagane det ikkje er sjukdom kan landbruksvikarane jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Me er avhengig av at de leiger det dyktige personalet vårt utanom sjukdom også!! Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida.

Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, feriepengar, arbgjevaravgift, køyring, forsikring)

Sjukdomsavløysing :          kr 1 300 + m.v.a. pr. dag 
Anna avløysing, kvardag : kr 1 445 + m.v.a. pr. dag 
Anna avløysing, helg:        kr 1 715  + m.v.a. pr. dag

Tinging går direkte til kontoret, og vanlegvis i kontortida: tlf. 909 62 157. Viss de blir sjuke utanom kontortida, mobil 917 76626, Aud.

 

Kåre Kvamme, (f.1951), Vossestrand. Tilsett som landbruksvikar 25.04.08. Arbeidsområde Aurland og Lærdal. Agroteknikar og jobberfaring som landbruksvikar i Aurland kommune i 18 år pluss 7 år med anna arbeidserfaring. I tillegg driv han med mjølkeproduksjon i lag med familien sin.  75 % stilling. Kåre er ein utruleg positiv kar som absolutt vil det beste for alle. Han tek også imot bestilling sjølv. Ferie:  4.-31.juli 2011                 Mobil: 948 76582.

 

Renate Rendedal, (f.1968), Balestrand. Renate er utdanna agronom og ho har på eige initiativ skapt sin eigen arbeidsplass i Vetlefjorden, der ho arbeider for 7 bønder. Full jobb som avløysar og i tillegg skal ho arbeide som landbruksvikar når det trengst. Tilsett 22.10.07."Eg trivst betre og betre", seier ho. Ferie:  4.-31. juli 2011.  Mobil: 472 37714. http://rendalsbudeia.blogspot.com/

 Hans Åretun Sand, (f.1947), Lærdal, er tilsett som landbruksvikar i 50 % stilling frå 9.05.09. Hans har drive som bonde i mange år og har difor lang erfaring i å stelle dyr. Han har fått opplæring i å mjølke kyr. Dei gardbrukarane som ønskjer å leige inn arbeidshjelp til spesielle oppdrag må vite at Hans er svært flink med motorsag, har adapteringskurs og sprøytesertifikat. Ferie: 18.-31. juli og 2 veker i sept. 2011 Mobil: 911 22905
 Tage Nondal, (f.1984). Arbeidsområde: Vik kommune. 100% stilling som landbruksvikar frå 01.01.2009. Tage er utdanna agronom og har erfaring som kommunal landbruksvikar i Vik. Sprøytesertifikat. Han har opparbeidd seg stor tillit mellom bøndene i Vik.   Ferie:  18.juli -14.aug. 2011
Mobil: 992 27417
 

Mihai Rusu Dorian, (f.1984). Arbeidsområde: Sogndal, Leikanger og Luster. 100 % stilling som landbruksvikar frå 1.07.2010. Har vore vikar hos oss sidan februar. Løysingsorientert og kvikk kar. Frå Romania, snakkar engelsk og norsk. Allsidig erfaring med dyrestell, traktorkøyring og bruk av ulike maskiner. Ferie: 24.05.-27.06. 2011.     Mobil: 476 02732

 Tormod Herre, (f.1975) frå Voss. Arbeidsområde Luster og Sogndal. 100 % stillling frå 1.mai 2011. Har utdanninga si frå Voss Jordbruksskule, 3 år landbruksfag og naturbruk og 1 år maskinmekanikarfag. Tormod har arbeidd som fast jordbruksavløysar hjå nokre bønder i Aurland frå 2002. Gjennomført motorsagkurs. I tillegg har han vore i arbeid hjå Jorddal Entrepenør A/S frå 2007. Ferie: 27.juni - 17.juli 2011  Mobil: 916 43614 

Henta frå Statens Landbruksforvaltning: 

Den nye landbruksvikarordningen er landsdekkende

Ordningen med landbruksvikarer ansatt i avløserlagene som ble iverksatt 1. januar 2008 er nå landsdekkende. Foreløpig rapportering for landbruksvikarvirksomheten i avløserlagene for 2009, viser at bønder i de aller fleste kommunene i landet har tilgang på landbruksvikar.

Det er 32 kommuner som er uten landbruksvikar, men de fleste av disse har ingen eller svært få foretak med husdyrproduksjon. Det er derfor mindre behov for landbruksvikar i disse kommunene.

Statens landbruksforvaltning har fordelt 240 årsverk til landbruksvikarstillinger på fylkene. Fylkene har deretter fordelt sitt antall årsverk på avløserlagene i området. I 2009 ble det utbetalt tilskudd til 222 årsverk. Tilskuddet er kr 270 200 per årsverk.