Aurland, Årdal, Lærdal, Leikanger, Vik, Balestrand, Sogndal og Luster.
Nyhetsarkiv
Prisar landbruksvikar 2012
Maksimalt avløysartilskot ved sjukdom kr 1 300 pr. dag. Leige av landbruksvikar ved sjukdom har same dagsats. Eigne satsar for leige av landbruksvikar til ordinær avløysing.
08. Feb, 2012
ID-kontroll utanlandske borgarar, skattekort
I vår region vert ID-kontroll av utanlandske borgarar fra 1.2.2012 føreteke berre hjå skatteetaten i Sogndal. Alle utanlandske borgarar må dermed legitimere seg i Sogndal for å få skattekort. Sjå vedlagt skriv frå skatteetaten.
02. Feb, 2012
God jul
Landbrukstenester Sogn ønskjer tilsette, medlemane i laget og andre samarbeids-partnarar ei GOD JUL og
eit GODT NYTT ÅR.
22. Dec, 2011
Info november-2011
17. Nov, 2011
Aud fekk 25-års klokke
Aud Fossøy har arbeidd for gardbrukarane i 26 år. Saman med fleire andre i organisasjonen fekk ho klokke , diplom og blomar på haustsamlinga til NLT, Norske Landbrukstenester, på Gardermoen.
07. Nov, 2011
God tilgang på avløysarar
Me har godt kvalifiserte avløysarar, agrononomar, som er interesserte i arbeid. Gjeld kommunane Luster, Leikanger og Sogndal.
Landbruksvikarane er i tillegg disponible for alle bønder. Tinging direkte til kontoret.
01. Nov, 2011
Kurs 2.-3. november
Me i administrasjonen er på kurs 2.-3. november. Dersom du må ha landbruksvikar ring Aud på mobil, 917 76626.
Kontoret er ope som vanleg fredag 4. november
01. Nov, 2011
Nytt telefon- og fax-nummer
12. Oct, 2011
Ny lov om samvirkeføretak
I samband med at ny lov om samvirkeføretak er gjort gjeldande må Landbrukstenester Sogn på lik linje med andre tilpasse gjeldande vedtekter etter nye krav.
14. Sep, 2011
Årets tøffaste avløysar
17.-19. august var me inviterte til landbruksvikar-samling på Storefjell. Der var både landbruksvikarar og kontortilsette frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud.
22. Aug, 2011
Sommarjobb med tilskot for 16- og 17.åringar.
Frist for innsending av timelister for å få tilskot for 2011 er 26.august. Arbeidet må vare i minst 2 veker på heiltid.
17. Aug, 2011
INFO
Informasjonsskriv til alle aktive medlemer.
Merk at alle avløysarar skal ha arbeidsavtale.
08. Jul, 2011
Svinepest i Litauen
Sjå kva NLT- Norske Landbrukstenester skriv på sin web http://www.landbrukstjenester.no/
08. Jul, 2011
Takk til Renate for fine fotografi
Me håpar de likar den nye animasjonen som ligg på sida her? Takk til avløysar og landbruksvikar i Balestrand, Renate Rendedal, for at ho hjelpte oss med gode fotografi :)
01. Jul, 2011
Ferie. Landbruksvikarane og adm.
Administrasjonene tek ferie frå 11. juli.
Ring Aud mobil: 917 76626 dersom de treng landbruksvikar i sommar. Me har beredskapsordning.
28. Jun, 2011
AVLØYSARTILSKOTET ER KOME
09. Jun, 2011
Tilskot til sommarjobb16-17-åringar
Luster kommune gjev tilskot til private verksemder (og gardbrukarar) som tilset 16-17-åringar i sommarjobb.
23. May, 2011
Personalmøte
Landbruksvikarar og avløysarar var på personalmøte i Sogndal 27. april.
Tema: Støv i landbruket.
Internkontroll.
02. May, 2011
ÅRSMØTE
23. Mar, 2011
Nytt personale
Aili Cecilie Kjølås-Sæverud er tilsett i vikariat som landbruksvikar i Luster etter at Jon-Trygve Sygnabere gjekk ut i permisjon frå 1. mars. 1. mai vil Tormod Herre frå Voss ta til i denne stillinga. Arbeidsområde Luster og Sogndal, 100% stilling.
21. Mar, 2011
SET PRIS PÅ LANDBRUKSVIKARANE
"Me hadde ikkje greidt oss utan landbruksvikarane og avløysarane. Og dette kjem frå hjarta!", seier Liv Espe.
16. Mar, 2011
AUD PÅ JOBB I 25 ÅR
Dagleg leiar i Landbrukstenester Sogn, Aud Fossøy, har vore i same jobben i 25 år. På styremøte 9.mars vart ho heidra med gåve frå styret.
15. Mar, 2011
1 år permisjon
Landbruksvikar, Jon-Trygve Sygnabere, skal ha eitt år permisjon frå stillinga si. Både me i administrasjonen og bøndene vil sakne ein trufast, pliktoppfyllande og dyktig fagarbeidar, og ikkje minst ein god menneskekjennar.
02. Mar, 2011
LANDBRUKSFORHANDLINGAR
28. Feb, 2011
Skattekort utanlandsk arbeidskraft
Skatteetaten endrar no rutinane for utskriving av skattekort til utanlandske arbeidarar med D-nummer.
Etter dei nye reglane må desse personane personlig møte på skattekontoret for identitets- og legitimasjonskontroll for å få nytt skattekort for 2011.
25. Jan, 2011
Motorsagkurs, merk kurs 2
Stell og bruk av motorsag i Gaupne, 7.-8. mars
(16.-17. februar er fullteikna) Instruktør: Arnt Laukeland. 15 timars kurs over 2 dagar. Påmelding til Landbrukstenester Sogn
576 81 395 eller mob. 99 46 68 12. Kun 7 plassar på kurset.
18. Jan, 2011
Årsoppgåve 2010
Årsoppgåve og spesifisering av søknadsgrunnlag, til søknad om avløysartilskot den 20. januar, blir sendt ut i veke 2.
10. Jan, 2011
God jul
God jul til alle medlemer, avløysarar og andre tilsette:)
Takk for godt samarbeid gjennom året.
Vakttelefon: 917 76626
Kontoret blir mellombels stengt i romjula på grunn av montering av nytt ventilasjonsanlegg på Pyramiden.
23. Dec, 2010
Stilling ledig, landbruksvikar
Landbruksvikaren i Luster skal ha permisjon, 1 år frå 1. mars 2011, og me søkjer etterfølgjaren hans.
Ny søknadsfrist: 21. januar.
02. Dec, 2010
INFO november 2010
16. Nov, 2010
Ny landbruksvikar
16. Nov, 2010
Nils Lidal, årets avløysar, link til Sogn Avis
Landbrukstenester Sogn inviterte Nils Lidal og dei fire bøndene han jobbar hjå til lunsj på Sogndal Hotell. Nils Lidal fekk flott diplom og klokke frå NLT, Norske Landbrukstenester.
04. Nov, 2010
Årets avløysar i Sogn og Fjordane 2010 frå Landbrukstenester Sogn
"ÅRETS AVLØYSAR" i Sogn og Fjordane vart kåra på den årlege samlinga til NLT: NILS LIDAL. "Nils har i løpet av desse åra han har vore avløysar i Fjærland tileigna seg god evne til å stelle dyr, og gjer til sine tider fullt så god jobb som bonden sjølv i fjøsen."
25. Oct, 2010
Kvardag og kurs for ein avløysar og landbruksvikar
08. Oct, 2010
Kurs i praktisk HMS-arbeid.
Landbrukstenester Sogn har arbeidsgjevaransvaret for avløysarane og landbruksvikarane. Bonden har ansvaret for HMS på sin gard. Det er difor ønskjeleg at alle medlemer tek dette kurset i regi av landbrukets HMS-teneste.
30. Sep, 2010
Skattekort til utanlandske sesongarbeidarar
Skatteetaten krev at den utanlandske arbeidaren møter fram på kontoret deira. Føremålet er å sjekke at id-dokument og person stemmer overeins. I tillegg skal det leggast fram arbeidsavtale.
10. Aug, 2010
Viss du blir sjuk i ferien
Administrasjonen tek ferie frå 9.7. - 2.8.
Vakt veke 28 og 29:
Aud Fossøy, mob. 91 77 66 26
Vakt veke 30 og 31:
Solveig Sperle, 99 46 68 12
God sommar:)
08. Jul, 2010
Tilskot til sommarjobbar i private verksemder, Luster
Tilskot til sommarjobbar i private verksemder. Landbrukstenester Sogn søkjer samla for alle. Gje melding. Det må gå fram at ungdom har jobba i minst 2 veker hjå dykk.
07. Jul, 2010
Lønnstariffen
Den nye lønnstariffen for avløysarane og innhaustingshjelp. Fagarbeidarane har kr 8 ekstra pr. time, gjeldande frå 1. april.
11. Jun, 2010
Førebelse lønnssatsar sesongarbeid
Ny lønstariff i Jordbruks- og gartnerinæringa: Forhandlingsresultatet er ute til uravstemming med frist den 28. mai. Landbrukets Arbeidsgiverforening har likevel lagt ut sannsynlege nye satsar for sesongarbeid.
20. May, 2010
Max avløysartilskot kr 64 000
Staten har inngått jordbruksavtale med Norges Bondelag. "Avtalen sikrer jordbruket muligheter for en god inntektsutvikling minst på linje med andre grupper, sier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk."
Auka satsar i velferdsordningane:
18. May, 2010
Jordbruksoppgjøret - staten tilbyr 750 mill
Tilbodet prioriterer distriktsjordbruket - mjølk, storfekjøt og sau.
10. May, 2010
Ny lønnstariff
Natt til 30. april vart det semje i lønnsforhandlingane mellom Landbrukets Arbeidsgiverforening og Fellesforbundet. Resultatet er derimot ute til uravstemming, og blir difor ikkje klart før 28. mai.
30. Apr, 2010
1865 mill kroner
Jordbruksforhandlingane: Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget leverte kravet til staten i dag. Les heile kravet på Landbruksdepartementet sine sider.
27. Apr, 2010
Allmenngjeringsforskrifta - tolking
Gjeld spesielt gjestearbeidarar.Her følgjer ei tolking som Arbeidstilsynet har føreteke av Allmenngjerings-forskrifta. Merk avsnittet om LØN: 0-12 veker: kr 97,50 pr. time. 12-24 veker kr 103 pr. time. > 6 månader kr 115,15 pr. time. Dette er satsar før ny tariff er ferdigforhandla.
16. Apr, 2010
Jobb som avløysar, stilling ledig
Fire gardsbruk i Fjærland søkjer etter ny avløysar. Dei glade bøndene kallar seg Optimisten Avløysarring. Avløysaren som er tilsett skal ta vidareutdanning.
16. Apr, 2010
Anleggsmaskinførarkurs
Stor interesse for maskinførarkurs i Gaupne.
32 timar teorikurs for å kunne arbeide trygt med masseforflyttingsmaskiner.
12. Apr, 2010
Informasjonsmøte i Fjærland
Me ønskjer å ha ein god dialog med alle medlemar og avløysarar i laget.
Me håpar difor at mange har høve til å kome på møte i Fjærland, onsdag 3. mars kl 20.00 på Bygdahuset
18. Feb, 2010
MASKINFØRARKURS
9.-11. APRIL I GAUPNE.
Kursmateriell og kursbevis.
Påmelding innan 22.mars til
tlf.: 99 46 68 12 eller Landbrukstenester Sogn.
Arr. Luster BSF.
17. Feb, 2010
Arbeidstøy
Både medlemer og avløysarar kan kjøpe arbeidstøy hjå oss. Me sel mest kjeledressar både til barn og vaksne. Alt arbeidstøy blir levert med logo til Landbrukstenester Sogn. Kleda kan sjølvsagt leverast utan logo ogso. Foto: Pilotjakke grå og raud.
11. Feb, 2010
KURS FOR AVLØYSARAR OG LANDBRUKSVIKARAR
Sunnfjord Landbrukstenester inviterer dykk til kurs på Hotell Aleksandra.
20. Jan, 2010
Hello, my name is Anne Marie
Her kjem eit spørsmål frå "over there". Ønskje om buplass og arbeid.
11. Jan, 2010
GOD JUL
Me vil ynskje ei GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR TIL ALLE MEDLEMMER OG TILSETTE!
Kontoret opnar att måndag 4.januar.
23. Dec, 2009
INFO NOVEMBER 2009
Alle aktive medlemer har fått tilsendt informasjon i posten.
Merk fristen for innsending av timelister: 15. desember.
19. Nov, 2009
Kongens fortenestemedalje
Kongens Fortenestemedalje i sølv vart overrekt Trygve Fredheim 11.nov. på Gardermoen. Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, overrekte medaljen under haustsamlinga til Norske Landbrukstenester. Vel 170 personar var tilstades under utdelinga, heidersmannen sjølv var heilt uvitande om hendinga og vart særs overraska.
19. Nov, 2009
Vellukka motorsag-kurs
18. Nov, 2009
Motorsag-kurs
Kurs i stell og bruk av motorsag og ryddesag på Kaupanger 16.-18-november. 3 dagar, 22,5 timar. Kursbevis. Instruktør: Arnt Laukeland, Skogbrukets Kursinstitutt.
Start kl.9.00.
04. Nov, 2009
EØS-borgarar treng ikkje søkje opphaldsløyve
Frå 1. oktober treng ikkje EØS-borgarar søkje om opphaldsløyve. Den utanlandske borgaren skal derimot registrere seg hjå politiet.
30. Oct, 2009
Firmabil
Kåre Kvamme er landbruksvikar i Årdal, Lærdal og Aurland. Han har teke i bruk den nye firmabilen vår, ein Volkswagen Caddy. Han er godt fornøgd, seier han.
12. Oct, 2009
Landbruksvikarkurset, fotografi
Programmet på landbruksvikarkurset i Jostedalen var fagleg krevjande. På onsdag hadde deltakarane derimot tilbod om aktivitet i vill natur. Her er fotografi frå turen til Nigardsbreen.
28. Sep, 2009
Sogndal
Me har allereie fått telefon frå to studentar i Sogndal som kan ta avløysing på kveldstid og helg. Begge to har lang røynsle som avløysar. Ta kontakt med oss og me formidlar namn og telefonnummer.
27. Aug, 2009
Kurs for landbruksvikarar
22.-24. september er landbruksvikarane og deler av administrasjonen i avløysarlaga og landbrukstenester i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterte til Jostedalen på kurs. Nedanfor finn de heile programmet. Påmeldingsfrist 1. september.
27. Aug, 2009
Ledig landbruksvikar
Me ønskjer at medlemane i laget gjev melding dersom dei er interessert i arbeidshjelp. Dette gjeld no, med ein gong eller seinar i haust/vinter. Alle landbruksvikarane har avvikla ferie og er klar til arbeidsinnsats.
21. Aug, 2009
Smitteførebygging i svinehus
Norge er, i tillegg til Island, det eineste landet der grisen ikkje er smitta med influensavirus. Dette er ein unik situasjon, og er dyrevelferdsmessig og produksjonsøkonomisk svært gunstig. Ein samla norsk svinenæring har, sammen med Mattilsynet, ambisjon om å beholde denne statusen.
10. Aug, 2009
Dyrevelferd, ny lov frå 1.1.2010
25.6.2009
Å styrke dyrevelferden i Norge er eit sentralt føremål i den nye dyrevelferdslova som trer i kraft 1.1.2010.
26. Jun, 2009
Ny dagsats ved sjukdom frå 1.1.2010
Tilskot til avløysing ved sjukdom m.v: I følgje jordbruksoppgjeret - velferdsordningane, skal maksimal dagsats aukast frå kr 1 130 til kr 1 200 pr. dag. Dette blir gjort gjeldande frå 1.1.2010.
25. Jun, 2009
Jordbruksavtalen, velferdsordningane
Jordbruksforhandlingane er klare: Diverre fekk faglaga ikkje gjennomslag for to utbetalingar av avløysartilskotet pr. år. Men det er ein liten auke i satsane på avløysartilskotet og dagsatsen ved sjukdom.
18. May, 2009
Overgangsordningane opphøyrer 1. mai
Praktiske følgjer i samband med at overgangsordningane opphøyrer er at EØS-borgaren, med unntak av Romania og Bulgaria, kan arbeide utan å registrere seg på lensmannskontoret. Dette gjeld dei 3 - tre - fyrste månadane av opphaldet.
Den utanlandske borgaren må søkje om skattekort på skjema RF-1209 http://www.skatteetaten.no/Templates/Skjema.aspx?id=9222&epslanguage=NO
05. May, 2009
Jordbruksforhandlingane - jordbruket sitt krav
Kravet frå jordbruket til staten er levert.
Les meir på Norske Landbrukstenester sine sider.
http://www.landbrukstjenester.no/Jordbrukets+krav+-+Jorbruksforhandlingene/cid/a5680_5748/
05. May, 2009
Ny lønnstariff avløysarane
Forhandlingane mellom Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og Fellesforbundet vart ferdige
15.april. Kr 2,- i tillegg pr. time på alle satsar.
Sjå heimesida til LA her
http://www.la.no/index.php?a=4355&p=3345&pr=
05. May, 2009
Ein administrasjonsstad
Landbrukstenester Sogn heldt årsmøte på Sogndal Hotel, 31. mars. Det møtte 14 medlemer. I tillegg til ordinære årsmøtesaker var det annonsert endring av vedtektene, etter innstilling frå eit samla styre. Endringsframlegg: "Laget har ein administrasjonsstad".12 medlemer stemde for dette framlegget og 2 medlemer stemde mot.
15. Apr, 2009
Innkalling til årsmøte
Årsmøte tysdag, 31. mars kl 11.00 på Sogndal Hotel. Servering av varm lunsj. Årsmelding 2008, rekneskap 2008 og arbeidsplan 2009 finn de på neste side.
13. Mar, 2009
Ledig landbruksvikar
Akkurat no er dei fleste gardbrukarane i regionen rimeleg friske. Dette betyr at me har landbruksvikarane i deler av regionen ledige for oppdrag. No har me ledig kapasitat i Sogndal, Leikanger og Luster.De kan dermed tinge landbruksvikar til ordinær avløysing. Pris pr. dag alle utgifter inkludert kr 1 250. Ring kontoret 576 81395, eller Aud: mobil 917 76626.
28. Feb, 2009
Dyrevelferd, info frå BSF
Les kva Bygdefolkets Studieforbund skriv om dyrevelferd, kurs og krav til kompetanse.
03. Feb, 2009
Nytt år
Alle aktive medlemer har fått årsoppgåve tilsendt. Me ber dykk merke at innbetalingsgiroen som ligg ved skal betalast innan 29. januar. Og alle har vel hugsa å levere søknaden sin, produksjonstillegg og avløysartilskot, til kommunen? Fristen går ut 20. januar.Førebels oppsummering av 2008 er at året har vore veldig positivt for laget. Me er særs nøgde med å ha tilsett avløysar i ein heilt ny avløysarring i Balestrand. Velkomen til avløysaren, Renate Rendedal. Ho har sjølv vore pådrivar for å få til avløysarringen. Bøndene er særs positive og alt har fått ein pang-start. Det er og tilsett avløysar i avløysarringen i Sogndal. Velkomen til Åsmund Elvatun.
20. Jan, 2009
Marknadsføring
Me har samarbeidt med Sunnfjord Landbrukstenester og laga ein annonse i magasinet "Moglegheiter for jobb". Magasinet skal distribuerast til alle elevar på 10. årstrinn, vidaregåande skular, høgskular og universitet.Takk til Janine Gulbrandsen og Jon-Trygve Sygnabere som er so flotte ambassadørar for landbruksvikarane.
20. Jan, 2009
God jul
Me har kjøpt fritidsjakkar til fast tilsette. Her er foto frå juleavslutninga. Kontoret er ikkje ope i romjula. Men 2. januar må de ta kontakt viss de framleis ikkje har levert frå dykk timelister og anna som skal bokførast på 2008. Landbrukstenester Sogn ønskjer god jul og godt nytt år til alle medlemer og tilsette.
20. Dec, 2008
Landbruksvikarane på kurs
Me er svært stolte over at me har fem landbruksvikarane i Landbrukstenester Sogn. Dei har ei fantastisk innstilling til jobben sin og alle medlemer i laget kan glede seg over god beredskap i regionen Indre Sogn. Den 14. og 15. november var vikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane samla til kurs på Voss. Sjå foto her, fotograf Torbjørn Aalton.
18. Nov, 2008
Synspunkt på løn til utanlandske sesongarbeidarar
\"Fellesforbundet frykter et skred av underbetaling og sosial dumping i landbruket neste vår. Fra 1. mai er det nemlig ingen regler som hindrer gårdbrukere og gartnerier i å underbetale utenlandske sesongarbeidere\". Kjelde Nationen, 14.10.
30. Oct, 2008
Kontormøblar - brukte
Me skal byte ut deler av kontormøblane våre. Har du bruk for eit pent brukt arbeidsbord må du melde interessa di til oss. Kort forklart skal me skifte ut eit hjørnebord, arbeidsbord og eit eit ekstra bord. Alt heng i hop. Møblane må hentast når våre nye er monterte, - om 2-3 veker.
22. Oct, 2008
Marknadsundersøking Balestrand
Me vil finne ut om bøndene i Balestrand har bruk for ein landbruksvikar. Meld frå om du er interessert.
01. Oct, 2008
Velkomen til Sølvi Wie
Sølvi Wie hadde fyrste arbeidsdagen sin som landbruksvikar i går, 15. september. Me ønskjer ho velkomen til oss. Arbeidsområde hennar er Lærdal-, Aurland- og Årdal kommune i 50 % stilling. Sølvi er nyutdanna frå Aurland jord- og hagebruksskule i vår og har i tillegg til å vere oppvaksen på gard med mjølkekyr, brei praksis frå arbeidslivet. I sommar har ho jobba som budeie i Aurland. Me tek imot tinging direkte til kontoret tlf. 57 68 13 95.
16. Sep, 2008
Ledig landbruksvikar
Me har flinke landbruksvikarar og me tek imot tinging kontinuerleg. Bestilling i kontortida eller pr. mobil ved akutt sjukdom.telefon 57 68 13 95, mobil 917 76 626.Prisar på tenesta finn de her til venstre på sida \"landbruksvikar\". Drift av landbruksvikarordninga er subsidiert over jordbruksavtalen, men me er avhengig av at alle brukar dette gode tilbodet for at me skal oppretthalde stillingane. BRUK LANDBRUKSVIKARANE og til vanleg avløysing/forefallande gardsarbeid.
14. Aug, 2008
Maskinringprisar 2008 og andre lenker
NLT - Norske Landbrukstenester - har mange nyttige opplysningar og her er jordbruksrelaterte lenker.Maskinringprisar 2008:http://www.landbrukstjenester.no/upload/files/Reiskap%20PRISAR%202008.pdfNLT:http://www.landbrukstjenester.no/Lenker/cid/5705/
12. Aug, 2008
Info juli 2008
Informasjon er sendt alle aktive medlemer. Merk: Presentasjon av 4 landbruksvikarar. Janinie Gulbrandsen har beredskapsvakt i Luster, Sogndal, Leikanger. Om naudsynt kan ho reise over fjorden både til Balestrand, Årdal, Aurland og Lærdal. Merk: Informasjon om gjennomsnittsrekning av arbeidstida for alle tilsette. Viss de må ha arbeidshjelp i ferien ring Aud: 917 76626. Kontoret er no feriestengt, men opnar att 31. juli.
08. Jul, 2008
Luster: Tilskot til sommarjobb
Luster: Minner om at fristen for innlevering av timelister er den 10. august for medlemer frå Luster som vil søkje om kommunalt tilskot for sommarjobb for ungdom mellom 16 og 17 år, minimum 2 veker. Det blir sendt samla søknad frå oss 1. september.
03. Jul, 2008
Nytt personale
Avdelingsleiar:Solveig Sperle, 49 år, Jostedalen har fått jobben hjå oss som avdelingsleiar. Ho har utdanninga si ved Sogndal Lærarhøgskule, adjunkt med tillegg. Sidan ho er oppvaksen på gard og har drive med mjølkeproduksjon i mange år har ho god kjennskap til vår bransje.
25. Jun, 2008
Ny lønnstariff
Fellesforbundet har stemt ja til oppgjøret 30.05.2008Vi viser til vårt Nyhetsbrev datert 29. april vedrørende resultat av årets forhandlinger med Fellesforbundet – Overenskomsten for Jordbruks- og gartnerinæringene. Lønnstariffen:http://www.la.no/upload/loenn/1212136872_nr_6_ff_pr_1._april_08.xls
04. Jun, 2008
Nytenking i bærproduksjon
Næringsutvikling: Lærdal Grønt har gjennom nytenking i produksjon og kvalitetssikringa av morellar, stått fram som eit føredøme innanfor profesjonell oppbygging av mottak for friske hagebruksprodukt. (Landbruks- og matdepartementet, 29.05.2008)
30. May, 2008
Varslingsplikt
Varslingsplikt (Landbruks- og matdepartementet)\"I Regjeringens forslag til ny lov om dyrevelferd som legges frem for Stortinget til hausten, foreslås det blant annet en generell varslingsplikt for å forhindre dyretragedier. Hver enkelt får etter forslaget plikt til å varsle når de har grunn til å tro at dyr blir utsatt for mishandling eller alvorlig svikt vedrørende miljø¸ tilsyn og stell.
28. May, 2008
Avdelingsleiar
LT Sogn søkjer etter avdelingsleiar til kontoret i Sogndal i 60 % stilling med snarleg tilsetjing. Me ønskjer helst søkjarar med kompetanse innan løn og rekneskap. I tillegg må søkjar vere serviceinnstilt, resultatorientert og gjerne ha praksis innan kunderådgjeving.
19. May, 2008
4 NYE STILLINGAR LANDBRUKSVIKAR
LANDBRUKSVIKAR 1 stilling: Luster-Sogndal ½ stilling: Luster ½ stilling: Sogndal-Leikanger-Balestrand ½ stilling: Aurland-Lærdal-Årdal
19. May, 2008
Landbruksvikar, Aurland og Lærdal, nytt telefonnr.
Landbruksvikaren i Aurland og Lærdal, Kåre Kvamme, har fått nytt mobilnummer: 94 87 65 82. Gardbrukarane i nemnd område bestiller landbruksvikaren direkte på dette telefonnummeret. Landbruksvikaren skal prioritere oppdraga der bonden er sjuk framfor bestillingar som gjeld ordinær avløysing/forefallande gardsarbeid.
16. May, 2008
Jordbruksforhandlingane
Statens tilbud - Velferdsordningene Satsene i Tilskudd til avløsning ved ferie og fritid økes med 5 pst. Maksimalbeløpet heves med 2 500 kroner til 58 000 kroner. Maksimal dagsats for tilskudd til avløsning ved sykdom mv. økes fra 1 030 til 1 130 kroner. Egenandelen for bruk av landbruksvikarordningen oppjusteres tilsvarende til 1 130 kroner. I Tidligpensjonsordningen avvikles begrensningen i hvor stor inntekt mottagerne kan ha uten avkorting.
13. May, 2008
Kontoret i Sogndal
Me har for tida ikkje personale på kontoret i Sogndal. Det blir jobba med å tilsetje ny medarbeidar.
09. May, 2008
Køyregodtgjersle kr 3,50 pr. km frå 1. mai
Les meir om nye satsar i reieseregulativet:http://www.infotjenester.no/Show.aspx?CID=17027
28. Apr, 2008
Velkomen til landbruksvikarane
Jon Trygve Sygnabere og Kåre Kvamme tek til som landbruksvikarar hjå oss frå fredag 25. april, med høvevis Luster og Aurland-Lærdal som arbeidsområde. Begge har solid jordbruksutdanning og lang praksis i næringa. Både Jon-Trygve og Kåre kan overta arbeidet på garden viss bonden blir sjuk. I tillegg blir det råd å leige dei til ferie- og fritid. Bestillingar i Luster skal gå gjennom laget, tlf. 57 68 13 95. Kåre Kvamme tek imot oppdrag direkte til seg, mobil: 95 98 46 33.
22. Apr, 2008
To landbruksvikarar
Me er svært fornøgde når me i dag kan melde til dykk at to landbruksvikarar i område Luster, Aurland og Lærdal har takka ja til å jobbe hjå oss. Dei går med andre ord over frå å vere kommunalt tilsette til å bli landbruksvikarar i Landbrukstenester Sogn frå 25.4.Som kjent skal Landbrukstenester Sogn overta landbruksvikarordninga i dei sju kommunane i Indre Sogn som me har medlemer og avløysarar. Dette er eit geografisk område som laget har fått tildelt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
17. Apr, 2008
Årsmelding. Rekneskap. Arbeidsplan og Budsjett
Landbrukstenester Sogn hadde årsmøte 31. mars på Sogndal Hotel, og her kan de lese årsmeldinga og andre dokument som vart lagt fram og godkjent på møtet.
03. Apr, 2008
ÅRSMØTE
LANDBRUKSTENESTER SOGN held ÅRSMØTE på Quality Hotel Sogndal, måndag, 31. mars kl 20.00. 1. Vanlege årsmøtesaker. 2. Servering. 3. Orientering om ny landbruksvikarordning. Vel møtt. Styret.
25. Mar, 2008
Ledig stilling
Avløysar Landbrukstenester Sogn har ledig 100 % stilling i Fortunsdalen avløysarring, som har seks medlemer med mjølkeproduksjon og litt sau. Tilsetjing snarast.9 av 10 bønder stortrivst i yrket sitt (Statistisk Sentralbyrå) Medlemane i Fortunsdalen Avløysarringen trivst og fleire av dei satsar friskt på jordbruksnæringa si.
05. Mar, 2008
Ny landbruksvikarordning
Styret i Landbrukstenester Sogn har gjort vedtak om å tilby landbruksvikarordning i alle dei 7 kommunane som laget har aktivitet. Administrasjonen og styreleiar vil ha møte med kommunane og dei 3 landbruksvikarane som er tilsette i dag sannsynlegvis før påske. I tillegg ønskjer styret å lyse ut fleire deltidsstillingar for å dekke opp heile regionen.
27. Feb, 2008
Økoturisme
Sogn Jord- og hagebruksskule har mange gode kurstilbod. Her finn du informasjon om kurs i Økoturisme.
27. Feb, 2008
Årsoppgjer
Frå nyår og til 20. januar har det vore hektisk aktivitet hjå oss for å få unna resten av lønningane for fjoråret, klargjere og sende ut årsoppgåver og lønns- og trekkoppgåver. Alle skal ha fått desse dokumenta tilsendt no.
24. Jan, 2008
God jul
Administrasjon og styre ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år. Me tek juleferie no men er attende over nyår og lagar årsoppgåver for alle medlemer og lønns- og trekkoppgåver for tilsette. Dette blir utsendt i slutten av veke 2/08.Hugs å levere resten av timelistene til oss så snart du kan. Frist 31. desember.
20. Dec, 2007
Fagtur for avløysarar
Me arrangerer tur til Vik med omvising på Hove Fellesfjøs, onsdag 12. desember. Avreise frå Sogndal kl 09.45. Koordinering av skyss eller buss. Tema: Mekanisering, mjølkerobot, trivsel til dyra. Julemiddag på Vikja og omvising på slakteriet. Påmelding innan 7. desember til anne.sigrid.kvam@n-lt.no, mob. 900 51879, postboks 38, 6856 Sogndal
30. Nov, 2007
Kurs på Sogn Jord og Hagebruksskule
Sogn Jord- og Hagebruksskule har gode tilbod om kurs. Tema: Økoturisme, økologisk produksjon av urter og økologisk mjølkeproduksjon og studieturar.http://www.sjh.vgs.no/
29. Nov, 2007
Fristar, årsoppgjør
Årsoppgjer: De må levere alle timelister innan den 15. desember. Avløysarar som arbeider fram til nyår leverer den 30. desember. Kontoret har ikkje opningstid i romjula. Lønns- og trekkoppgåver og kontoutdrag vert utsendt veke 2/2008. Skal me greie å rapportere til rett tid må de halde desse fristane! Me har utlønning 2 gonger pr månad. Innlevering den 15. og 30. og utbetaling påfølgjande veke.
22. Nov, 2007
Forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd
Forskrifta er klar.2008 er overgangsår for kommunar med landbruks-vikarteneste. Difor skal alle bestille landbruksvikar hjå kommunane til de får anna melding.
12. Nov, 2007
Landbruksvikarordninga - Utkast til rundskriv
Me ventar framleis på endeleg forskrift i landbruksvikarordninga og avtalepartane har i tillegg att eit avsluttande møte. Me tillet oss likevel å orientere dykk om det som ligg klart i rundskriv. 2008 er overgangsår for dei kommunane som har tilsette landbruksvikarar i dag. Landbrukstenester Sogn vil ta kontakt med desse for å avtale mellom anna overtaking av arbeidsgjevaransvar.
31. Oct, 2007
Avløysar, ledig stilling på Hafslo
5 gardbrukarar på Hafslo søkjer avløysar i full stilling frå 1.1.2008. Hafslo er rikaste jordbruksbygda i Luster kommune og gardsbruka ligg samla i sentrum. Bøndene driv moderne og på same tid tradisjonelt. Om sommaren har dei dyra på fellesstøl.
26. Oct, 2007
Arbeidsinstruks
Avløysaren har rettar og plikter. Me ønskjer at de les gjennom arbeidsinstruksen her. Dette er nyttig informasjon for både avløysar og bonde.Bonden har ansvar som oppdragsgjevar.
23. Oct, 2007
Avløysar, ledig stilling i Fortun
Fortunsdalen Avløysarring har ledig stilling som avløysar med snarleg tilsetjing. Ringen ønskjer seg søkjarar med interesse og røynsle frå jordbruket. Landbruksutdanning er ein fordel, men ikkje noko krav. Søknadsfristen er utvida til den 25. oktober.
02. Oct, 2007
Journalist frå Sogn Avis på besøk
I samband med opning av nytt kontor hadde me journalist frå Sogn Avis på besøk. De finn artikkelen på Sogn Avis sin nettstad her: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article3001078.eceKontoret i Sogndal er ope måndagar og tysdagar. Me er elles tilgjengelege på telefon: Anne Sigrid Kvam: 900 51879 Aud Fossøy: 57 68 13 95 og kontordag kvar dag i Gaupne.
18. Sep, 2007
Nytt kontor
Opning av kontoret i Sogndal onsdag, 5. september kl 12 og utover ettermiddagen. Me held til i Reppenbygget, 2. etasje, Fjørevegen 10. Styret ønskjer alle interessert velkomen innom på ein kaffikopp og hyggeleg prat på opningsdagen. Anne Sigrid Kvam er nytilsett i Landbrukstenester Sogn, og kjem til å ha kontordagar kvar veke på mån- og tysdagar frå kl 08.00-kl 15.00. Kontoret i Gaupne er framleis styrd av underteikna og har ope alle dagar, kontortid kl 08.00 - kl 15.00
30. Aug, 2007
Tilskot til sommarjobb for 16 og 17 åringar
Luster: Minner om at innleveringsfristen er den 10. august for medlemer frå Luster som vil søkje om kommunalt tilskot for heiltids sommarjobb for ungdom mellom 16 og 17 år. Sjå info under her 25. mai.Det er viktig at de held denne fristen på grunn av at det blir sendt samla søknad frå oss 1. september, som kommunen har sett som siste frist.
18. Jul, 2007
Opningstider i ferien
Veke 29: Kontoret er ope måndag 16. juli og til og med onsdag 18. juli, kl 08.00 - kl 15.00.Veke 30: Kontoret er ope tysdag 24.- og onsdag 25. juli.Det er Anne Sigrid som styrer kontoret desse dagane.Veke 31: Kontoret er ope heile veka, Aud er tilbake frå ferie 1. august.Kontoret i Sogndal blir opna tysdag 3. september.
18. Jul, 2007
Avløysartilskotet blir straks utbetalt
Landbrukstenester Sogn har motteke lister over tilskot som skal utbetalast til medlemer i regionen, samla sum kr 11, 6 mill. Tilskotet blir godskrive dykk i vårt rekneskap og medlemsoppgåve blir sendt ut pr. post, sannsynlegvis i veke 25. Den 20. juni blir det også utbetalt feriepengar til våre tilsette.
07. Jun, 2007
Luster: Søknad om kommunalt tilskot for sommarjobb , 16- og 17-åringar
Henta frå søknadsskjema til kommunen:\"Bakgrunn: Luster kommunestyre har i k.sak 20/07 vedteke at private verksemder (private næringsdrivande) som tek inn 16- og 17-åringar busette i kommunen i heiltids sommarjobb på minimum 2 veker, kan få eit kommunalt tilskot til dette på kr 3 000 pr. sommarjobb. Til sommarjobb for ungdom med funksjonshemming vert det ytt tilskot kr 6 000.\"
25. May, 2007
Landbruksvikartenesta blir nasjonal
Det er no avklart at landbruksvikartenesta skal overførast til landbrukstenester/avløysarlaga frå 1.1.2008.Landbruksministaren er positiv medan organisasjonen til landbruksvikarane, KFO, er bekymra for lønns- og arbeidsvilkåra og det faglege nivået.
16. May, 2007
Velferdsordningane, kommentar til krav og tilbod i jordbruksforhandlingane
Satsane for ferie- og fritidstilskotet bør aukast på grunn av at lønningane stig. Det same gjeld satsane for refusjon av avløysarutgifter ved sjukdom.Avløysarlaga ønskjer at alle kommunar skal få tilgjenge til landbruksvikar. Ein har fått støtte frå faglaga, Bonde- og Småbrukarlaget og Bondelaget i desse synspunkta.
11. May, 2007
Vervekampanje
Landbrukstenester Sogn bør bli tilgjengeleg for fleire bønder og eventuelt andre småbedrifter. Medlemane i styret vil difor ta kontakt med bønder som ikkje er tilslutta laget for å gjere dei oppmerksam på fordelane med medlemskap. Andelen pr. gardsbruk er kr 100, og medlemskapet føl gardsbruket.
11. May, 2007
Ny tariff for avløysarane, 1. april
Landbrukets Arbeidsgiverforening og Fellesforbundet har kome til semje om ny lønnstariff den 24. april med verknad frå 1. april. Landbrukstenester Sogn går gjennom alle tilsette sine lønnsavtalar og oppdaterer desse. Lønnstillegget er kr 3,50 pr. time.
27. Apr, 2007
3 sommarjobbar
Me har medlemer som søkjer etter arbeidshjelp i slåttonna i Luster kommune. Passar for ungdom mellom 16 og 18 år. Vanlegvis startar slåttonna i desse område rett etter at skulane er ferdige, ca. 20. juni. Ungdomar med interesse for jordbruk og motivasjon til å lære blir oppfordra om å søkje. Ta kontakt med administrasjonen.
27. Mar, 2007
Styret 2007
På årsmøte 21. mars takka Jarle Barsnes for seg som leiar i Landbrukstenester Sogn og ønskte den nye leiaren, Jens K. Nes lukke til. Det nye styret ønskjer gjerne innspel frå medlemane.Styret 2007
22. Mar, 2007
Årsmøte, 21. mars
Landbrukstenester ønskjer alle medlemer velkomen til årsmøte på Vesterland onsdag 21. mars kl 19.30.Nedanfor finn du årsmelding, rekneskap, budsjett og arbeidsplan.
16. Mar, 2007
4 heldige vinnarar
Landbrukstenester Sogn har registrert 53 medlemer med e-postadresse. Dette er me nøgde med i fyrste omgang, men reknar med at det er fleire som brukar e-posten sin aktivt. Registrer dykk gjerne frå heimesida her - \"kontakt oss\".Me takkar for 3 gåvekort hjå desse maskinfirma: Felleskjøpet, Maskinsenteret og Eik Maskin.1 heldig vinnar fekk kjeledress med logo Landbrukstenester Sogn. Hugs at avløysaren skal ha rein kjeledress klar når ho/han kjem på jobb! Me har gode dressar til sals. Ta kontakt om du er interessert.
23. Feb, 2007
Ledige avløysarar
Me har relativt god tilgang på arbeidskraft - Balestrand, Lærdal, Sogndal, Leikanger og deler av Luster. De finn namn og telefonnummer ved å gå til \"avløysar\".
07. Feb, 2007
E-postadresse
Styret har ønskje om at alle medlemer som brukar e-posten sin aktivt sender e-postadressa si til Landbrukstenester. De blir med i ein konkurranse om ein kjeledress med logo, Landbrukstenester Sogn, og 3 gåvekort verdi kr 500 frå maskinfirma i regionen. Trekninga skjer den 15. februar. De kan sende e-post til oss frå \"Kontakt oss\".
07. Feb, 2007
Nytt år
Alle aktive medlemer har fått tilsendt årsoppgåve som er både eit rekneskapsbilag og eit dokument der avløysarutgiftene for 2006 er summert. Husdyrbrukarar skal søkje om avløysartilskot for 2006 i lag med produksjonstillegget, side 4. På årsoppgåva finn de søknadsgrunnlaget nedst på arket. Dette beløpet skal overførast til søknadsskjema. Søknadsfristen er utvida til den 22. januar.
12. Jan, 2007
Utlønning
Landbrukstenester har utlønning 2 gonger pr. månad. Innleveringsfristen er den 15. og den 30. kvar månad med utlønning påfølgjande veke.
28. Aug, 2006
Info
For medlemer i Leikanger og Balestrand blir medlemskapen i Landbrukstenester Sogn noko ulik driftsforma dei har hatt tidlegare. Landbrukstenester har arbeidsgjevaransvar for alle tilsette. Det er derimot framleis bonden som har ansvar for HMS på sin gard.
15. Mar, 2006
Rabattordningar
Dei medlemane som har utlønningar utover kr 50 000 pr. år vil få rabattar. For å oppnå rabatten stiller me visse krav til orden i lønningslistene og at innbetalingsfristane blir akseptert og følgt.
15. Mar, 2006
Tilbake








