Velkomen til Sølvi Wie
Kåre Kvamme. som er landbruksvikar i Aurland og Lærdal kommune, og Sølvi Wie kjem til å samarbeide. Når bonden må ha arbeidshjelp 7 dagar pr. veke vil dei dele oppdraget mellom seg. Turnusen til Sølvi er 14 dagar arbeid (10 arbeidsdagar) og 14 dagar fri med arbeidsstart 15. september.
I følgje arbeidsavtalen til landbruksvikarane skal all køyring reknast inn i arbeidstida som er 7,5 t pr. dag.
Prisar:
Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, arbeidsgjevaravgift, køyring, forsikring)
Sjukdom: kr 1 030 + m.v.a. pr. dag
Anna avløysing, kvardag : kr 1 250 + m.v.a. pr. dag
Anna avløysing, helg: kr 1 500 + m.v.a. pr. dag

