Info
Det blir viktig for oss i administrasjonen å oppretthalde den gode kontakten me har hatt med både medlemer og avløysarar. Når det gjeld Leikanger og Balestrand vonar me å bli kjende med dykk etter kvart.
Ledige avløysarar
Hovudoppgåva til Landbrukstenester er å skaffe avløysar til ferie og fritid samt sjukdom. Me ønskjer å registrere dei avløysarane som eventuelt er interessert i å jobbe meir enn dei gjere i dag og rekruttere nye. Dette ber me om at de hjelper oss med. Dette gjeld spesielt Leikanger og Balestrand.
Slik som avløysarsituasjonen i regionen er no er det balanse mellom tilbod og etterspurnad. Alle medlemer som vil ha arbeidshjelp må difor melde frå til administrasjonen dersom me skal rekruttere meir arbeidskraft.

