info januar 2010
13. januar 2010 Til aktive medlemer Årsoppgåve 2009 Søknadsskjema: " Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, s. 5, søknadsfrist 20. januar. Beløpet som skal skrivast inn i skjema står nedst på årsoppgåva 2009 (vedlagt): "Søknadsgrunnlag ferie/fritidsdavløysing" kr … Beløpet skal skrivast inn på skjema etter namn og organisasjonsnummer Landbrukstenester Sogn, org.nr 971 364 041 beløp …. Landbrukstenester Sogn sender datafil til i Fylkesmannen med beløp til dokumentasjon. Namn og fødselsdato på avløysar skal difor ikkje skrivast på skjema. Alle tilsette får tilsendt lønns- og trekkoppgåve. Merk at avløysartilskotet auka med 4 % sist år og at det difor blir meir forskottering for dykk. Landbrukstenester Sogn er momspliktig. Det er sjølvsagt beklageleg at alle må vente til juni-2010 før avløysartilskotet 2009 blir utbetalt. Produksjonstilskot og avløysartilskot blir utbetalt samla frå Statens Landbruksforvaltning (SLF). Endra arbeidsgjevaravgift frå 2010 Henta frå www.skatteetaten.no " Virksomheter som driver med arbeidsutleie skal legge til grunn avgiftssatsen i den sonen hvor den utleide arbeidstakeren har utført sitt arbeid, for de lønnskostnadene som knytter seg til dette arbeidet, forutsatt at nevnte arbeid utgjør hoveddelen av arbeidstakerens arbeid i avgiftsterminen. Endringen kommer som følge av at det er avdekket uønsket tilpasning til regelverket for denne typen virksomhet." I praksis betyr dette at arbeidsgjevaravgifta for leigd hjelp i Sogndal blir endra frå sone 2 til 1a, medan regionen vår elles får uendra arbeidsgjevaravgift. Landbruksvikarane (LV) Når ein person i føretaket er sjukmeld har han/ho rett til landbruksvikar. Det kan søkjast om å få utgiftene til landbruksvikar/avløysar dekka på eige skjema SLF-151N (max. Tilskot kr 1200 pr. dag). Medlem i føretaket må ha næringsinntekt større enn ½ G. Velferdsordninga i jordbruket omfattar i tillegg til sjukdom og ferie-avløysing ogso avløysing ved svangerskap og fødsel, sjuke barn m.m. Regelverk kan de lese på www.slf.no Akutt sjukdom HELG OG KVELD: Ring mobil Aud Fossøy, 917 76726 eller mobil Solveig Sperle 994 66812. I periodar kan landbruksvikarane vere ledige til vanleg ferie og fritidsavløysing, til innhausting i vekstsesongen, til ekstrahjelp ved vedlikehald på bygningar m.v. De bestiller direkte til oss i administrasjonen. Alle landbruksvikarane våre har etter kvart veldig god erfaring, og dei har god trening i å overta ansvar for alt dyrestell i fjøset. Hugs på at dei ønskjer å gjere ein best muleg jobb for dykk og at god informasjon på "fjøstavla" er helt avgjerande i so måte. Skriftleg informasjon må vere oppdatert. Leige av landbruksvikar. Nye takstar 2010, pr. dag og alle utgifter inkludert: Sjukdom: kr 1 200 + mva Ferie: kr 1 330 + mva Helg: kr 1 590 + mva Det er høve til å leige halve dagar. Kåre Kvamme og Hans Sand har beredskap i område Årdal, Lærdal og Aurland. Jon-Trygve Sygnabere og Janine Gulbrandsen samarbeider i Luster, Sogndal og Leikanger. Renate Rendedal og Tage Nondal har høvevis Balestrand og Vik som sitt arbeidsområde. Dei samarbeider over kommunegrensene ved behov. I tillegg har me avtalar med nokre studentar i Sogndal og andre deltidsavløysarar frå andre distrikt som tek oppdrag etter bestilling. Ta kontakt med oss i administrasjonen. Med helsing Aud Fossøy Dagleg leiar Vedlegg: Årsoppgåve og medlemsoppgåve

