Aurland, Årdal, Lærdal, Leikanger, Vik, Balestrand, Sogndal og Luster.
Avløysarkurs
Begynnarkurs.
Stad: Sogndal/Hafslo
Tid: 24.-25.mai
Minste aldersgrense 15 år.
Start fredag ettermiddag. Lærarar frå Tine.
Kursavgift kr 600.-
14. May, 2013
Ny minsteløn frå 1.4.2013
Generelt tillegg til alle kr 0,75 pr. time. I tillegg kr.1,40 pr. time for tilsette på overeinskomstar som ligg under 90 % av gjennomsnittlig industriarbeidarløn. Dei områda skal difor ha tillegg kr 2,15 pr. time.
08. May, 2013
Årets lag 2012
Årets avløysarlag 2012, Landbrukstenster Sogn, vart kåra på årsmøtet til NLT 10. april. Ei stor overrasking, heilt uventa men også ei stor ære for styret og administrasjonen.
Gratulere også til dei flinke landbruksvikarane og avløysarane. Og det er sjølvsagt alle bøndene i regionen som gjev grunnlaget for drifta av laget.
Hurra for alle!!
15. Apr, 2013
Svensk i Vik
Landbruksvikar, Jakob Arrehn, 23 år, frå Sverige har agronomutdanning og 4 års praksis i gardsarbeid. Han er tilsett i Landbrukstenester Sogn frå 1. april og har arbeidsområde i Vik.
02. Apr, 2013
Ung avløysar
12-åringen Kato Svori frå Myklemyr i Jostedalen starta tidleg som avløysar. Han er meir enn alminneleg interessert i dyr, gardsdrift og maskiner.
20. Mar, 2013
Årsmøte torsdag 21. mars
Landbrukstenester Sogn held årsmøte torsdag 21. mars kl 12.00 på Sogndal Hotel.
Alle medlemer er velkomne.
Sjå årsmelding og rekneskap her. Årsmøtedokumenta vert supplert etterkvart som dei er klare.
07. Mar, 2013
Til nyhetsarkiv

